Hopp til innhold

Store hol i tunnel øydelegg dekk

Ein bilist i Øvre Årdal er irritert over at store hol i asfalten har punktert dekka på bilen hans. No sender han rekninga til vegvesenet.

Olav Aga

SENDER REKNINGA VIDARE: Olav Aga har ikkje tenkt å betale rekninga sjølv. Han meiner det er vegvesenet sitt ansvar.

Foto: Privat

Det er Sogn Avis som fortel historia om Olav Aga som fekk to punkterte dekk i Timreskredtunnelen på riksveg 53 mellom Årdalstangen og Vikadalen.

– Eg høyrde berre eit stort smell og måtte køyre på felgen ut av tunnelen. Dette er ikkje bra for verken felg eller forhjulstilling, seier han til avisa.

Han fortel at han heldt 45 km/t då han såg eit stort hol. Då han prøvde å svinge unna, trefte han eit større hol.

Gjeld mange bilistar

Timreskredtunnelen

EIN KILOMETER: Timreskredtunnelen ligg på riksveg 53 i Årdal.

Foto: NRK

Ifølgje Aga skal det vere fleire bilistar som har fått øydelagde hjul i den ein kilometer lange tunnelen. Det eine holet skal vere mellom 20 og 30 cm djupt.

– Berre sidan førre laurdag veit eg om 8–10 personar som også er utsette for dette, seier han til Sogn Avis.

To verkstader stadfestar historia til Aga. Dei har hatt innom fleire bilar med skade på dekk og felg. Også bilbergingstenesta har hatt fleire oppdrag til tunnelen fordi bilane ikkje var køyrbare etter uhella.

Har fått inn klager

Statens vegvesen seier dei har fått fleire klager på hola i tunnelen.

– Vi prøvar å tette hola i vegen nesten kvar dag. Men det er ein del vasslekkasje frå tunneltaket. Dette vatnet grev opp asfalten igjen, seier Rune Dvergsdal i vegvesenet i Sogn Avis.

Rekninga på fire tusen kroner

Til NRK.no seier Olav Aga at han sender verkstadrekninga til vegvesenet så snart han får den. Han trur det er snakk om fire tusen kroner.

– Eg sender kravet til vegvesenet gjennom forsikringsselskapet mitt. Dei tek saka vidare, seier han.

No er det sett opp skilt som fortel at det er ujamn veg i tunnelen. Det skal også vere sett opp sperringar der dei verste hola er.