I oktober i fjor vart det lagt ny asfalt på strekninga mellom Høyanger sentrum og ut gjennom Kvernhaugtunnelen. Men ting har ikkje blitt gjort etter kontrakten, skriv avisa Ytre Sogn fredag.
To representantar frå Statens vegvesen var denne veka på synfaring på strekninga. I kontrakten står det at NCC skulle leggje asfalten like langt ut som den gamle asfalten. Men over lange strekningar manglar det no asfalt på mellom 10–25 centimeter på kvar side av vegen, skriv avisa.
Har ikkje sett liknande tidlegare
Inne i Kvernhaugtunnelen manglar det nokre stader 30 centimeter på at det er asfaltert heilt ut til den gamle asfaltkanten.
– Det var uventa og overraskande. Eg kan ikkje hugse å ha sett denne typen avvik tidlegare, og eg kan ikkje sjå nokon grunn til at det ikkje er asfaltert heilt ut til den gamle asfaltkanten inne i Kvernhaugtunnelen, seier overingeniør Olav Arne Himle i Statens vegvesen til Ytre Sogn.
Vegvesenet meiner det som har skjedd er eit tillitsbrot og vil no ta opp saka med NCC. I tillegg til at det ikkje er lagt asfalt langt nok ut er også overgangen mellom ny og gamal asfalt like ved Høyanger sentrum ikkje gjort etter krava.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
«Ikkje kvardagskost»
Avdelingsleiar Jan Åge Johannesen i NCC seier til Ytre Sogn at dei som eigentleg skulle ha uttalt seg i saka er på ferie. Johannesen seier på generelt grunnlag at dei sjølvsagt vil rydde opp dersom dei har forsømt seg på noko vis.
Ifølgje Himle i Statens vegvesen må anten NCC ta att arbeidet som ikkje er gjort etter boka, eller så må NCC betale for at andre ordnar opp.
– Det er snakk om to klare avvik på berre nokre få kilometer veg, og det er ikkje kvardagskost, seier Himle til avisa.
I slutten av februar miste ei ung kvinne kontrollen på bilen sin inne i Kvernhaugtunnelen, og ifølgje Ytre Sogn har det i etterkant av dette blitt stilt spørsmål om den ekstra asfaltkanten kan ha vore ei medverkande årsak.
- LES OGSÅ: