Hopp til innhold

Silje (33) vil hindra at døtrene får i seg miljø­gifter – lite ho kan gjera sjølv

Norske barn og unge har mange miljøgifter i kroppen. Men kva ein må gjera for å unngå dei er det lite kunnskap om, seier forskar.

Silje Kristiansen Sekse

Silje Kristiansen Sekse er mor til to små born. Ho vil at dei skal få så lite miljøgifter i seg som mogleg.

Foto: Tale Hauso / NRK

– For oss handlar det om å bruka sunn fornuft og gå litt tilbake til det naturlege, seier Silje Kristiansen Sekse.

Då ho fekk sitt første born for tre år sidan vart ho brått meir bevisst på kva ho, mannen og dottera åt og omga seg med. Ho ville unngå at familien fekk i seg for mykje miljøgifter.

– Me tok små grep, som for eksempel å eta meir råvarer og bruka matboksar i metall, fortel tobarnsmora.

Førre veke kunne FHI presentera at barn og ungdommar har mange miljøgifter i kroppane sine.

Kvinne kuttar opp eple

Sekse har tatt nokre enkle grep i håp om å minska miljøgiftene. Eta meir råvarer og bruka trefjøl heller enn plastfjøl er noko av det ho gjer.

Foto: Tale Hauso / NRK

Lite ein kan gjera sjølv

Dei ulike miljøgiftene er helseskadelege og kan mellom anna påverka immunforsvaret og evna til reproduksjon.

På sosiale medium florerer det av tips og velmeinte råd om korleis ein kan unngå å få miljøgiftene inn i kroppen.

Men kor gode desse råda eigentleg er, er det forska lite på, seier seniorforskar i FHI, Line Småstuen Haug.

Line Småstuen Haug

Line Småstuen Haug forskar på miljøgifter i FHI.

Foto: Privat

– Det er rett og slett lite du som forbrukar kan gjera for å unngå å få i deg miljøgifter.

Får det gjennom maten

Haug forklarar at mange miljøgifter får me mest gjennom maten. Det er vanskeleg å seia kva for nokre matvarer ein bør halda seg vekke frå fordi miljøgifter ofte finst i mange slags matvarer.

Miljøgiftene endar ofte opp i maten fordi dei har blitt slopne ut i naturen.

Eit eksempel Haug trekker fram er at miljøgifta PFAS har blitt brukt i brannskum på flyplassar og så har stoffet leke ut i miljøet og enda på grønsakene i åkeren i nærleiken.

Ho meiner strengare nasjonale og internasjonale reglar er den beste løysinga om ein vil ha ned mengda med giftstoff i kroppane.

– Ved å forby stoff, hindrar ein at me slepp ut meir av stoffa i naturen. Då vil det også bli mindre av dei i maten vår, seier Haug. Eit anna tiltak kan vera å innføra grenseverdiar for matvarer og drikkevatn.

Les også Får i seg flere miljøgifter enn forventet

Oter

Lite forsking på metall versus plast

Nokre av tipsa som mellom andre Sekse har nytta seg av er å bruka matboksar og drikkeflasker av metall, heller enn plast.

I tillegg er det mange som skriv at ein bør unngå klede med Goretex eller steika maten i panner med teflonbelegg.

Der finst det lite forsking, seier Haug.

– Det finst ikkje god dokumentasjon på at det hjelper å unngå desse produkta. Det er for lite forsking på det så langt, så me kan ikkje seia at det ikkje vil vera av betyding.

Matboks og drikkeflaske

Borna til Silje Kristiansen Sekse har matboksar i metall.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vanskeleg å vita kva som er rett

Haug er likevel tydeleg på at det ikkje er dumt å bruka matboksar av metall eller sertifiserte, svanemerkte produkt.

Ho seier at dersom me brukar færrast mogleg produkt som inneheld miljøgifter, så vil me på sikt sleppa ut færre miljøgifter i naturen. Det vil igjen føra til at me får i oss mindre gjennom maten me et.

– Men det er ikkje lett for forbrukarar å vita kva produkt som inneheld kva kjemikaliar. Det gjeld meg og, sjølv om eg har jobba med dette i mange år. Det er veldig vanskeleg.

Silje Kristiansen Sekse seier det kan vera vanskeleg å forholda seg til all den informasjonen ein får om ulike farar.

– Eg tenkjer ein må gjera det ein sjølv meiner er fornuftig. Det er vanskeleg å kutta ut alt som er eller kan vera farleg. No veit ein at plastikk ikkje er bra, og då er det uansett greitt å bytta det ut med noko anna, seier ho.