Hopp til innhold

Fanny (10) og foreldra fortvilar: Veit aldri om taxien til behandling vil dukka opp i tide

Barn med funksjonshemming mister behandlingstimar fordi drosjen kjem for seint eller utan rampe til rullestol. Likevel får alle drosjeselskapa no fornya kontrakt.

Fanny Halkjelsvik Espevoll

Forseinka taxi gjer at Fanny Halkjelsvik Espevoll (10) dei fleste gongene ikkje rekk fysioterapibehandlinga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kvar måndag skal 10-åringen Fanny Halkjelsvik Espevoll til fysioterapibehandling i Bergen sentrum. Det er 20 minuttars køyring frå skulen hennar.

Ho har rett til drosje i regi av Helse Bergen. Kvar fredag blir den bestilt til fast hentetid, klokka 12.30 kvar måndag.

Men det går ikkje alltid som det skal.

Ganske ofte går det heilt gale, ifølge 10-åringen og mamma Ane Marte Espevoll Halkjelsvik.

– Det er unntaket at drosjen kjem i tide. I dei to åra Fanny har hatt fysioterapitimane, har det vore kluss med taxibestillingane til Helse Bergen dei fleste måndagane, seier mamma.

– Kjedeleg å venta

Det går ut over 10 år gamle Fanny. Ho har fleire diagnosar og får kvar veke fysioterapi og gruppetrening med andre barn.

Men når taxien ikkje dukkar opp går ho glipp av mykje av behandlingstimen. Ofte blir det også venting opptil ein time før drosjen køyrer henne tilbake til skulen og SFO.

– Ein gong måtte eg venta veldig lenge. Det var kjedeleg, fortel Fanny.

Fanny Halkjelsvik Espevoll

GRUAR SEG: All ventinga på drosjen gjer at Fanny gruar seg og søv dårleg før fysioterapitimane på måndagar, seier mora.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Foreldra er blitt vande med å setja av arbeidstid for å handtera forseinkingane og kommunisera med dottera, fysioterapeuten, skulen, taxiselskapet og sjåføren.

Det sjølv om Helse Bergen pliktar å gi henne transport til og frå behandlinga.

– Det er enormt frustrerande å få beskjed om at dei ikkje har bil, når dette er ei fast bestilling kvar einaste veke. Det burde vera i orden. Ein kjenner seg makteslaus. Det er eit parodisk opplegg, seier mora.

Ho har tidlegare forfatta eit lesarinnlegg i Bergens Tidende om saka.

Søv dårleg

Ho fortel at drosjeproblema går ut over både søvnen og treningsmotivasjonen til dottera.

– Forseinkingane fører til at barnet vårt gruar seg til behandlinga, fordi det er så mykje usikkerheit. Ho klarer ikkje å sovna om kvelden fordi ho tenker på den kjedelege ventinga og at ho ikkje kjem tilbake til SFO.

Ane Marte Espevoll Halkjelsvik og dottera Fanny.

MAKTESLAUS: Det er eit parodisk opplegg. Å måtta klaga på noko som skjer kvar veke kjennest uoverkommeleg, seier Ane Marte Espevoll Halkjelsvik.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I haust har Halkjelsvik klaga til Helse Bergen.

Etter det har taxien kome til rett tid eit par måndagar, men framleis mistar Fanny ofte behandlinga på grunn av sein taxi.

– Å senda klage er eit overskotsprosjekt, og foreldre til barn med funksjonshemming har gjerne lite eller ikkje overskot. Å klaga på noko som skjer kvar veke kjennest uoverkommeleg. Det blir som å løfta endå ein stein opp på det lasset ein allereie ber på, seier ho.

Mister sjukehusavtalar

Familien er ikkje åleine med slike erfaringar.

Marit Lillevik Baardsen er mor til ein gut på 16 som vart lam i ei alvorleg ulukke for halvanna år sidan. Han sit i elektrisk rullestol er alltid avhengig av drosje med rullestolrampe når han skal til skule, sjukehusbehandling og på sosiale aktivitetar.

Det er vanskeleg med Helse Bergen si transportteneste Pasientreiser.

– Når me skal til lege og sjukehus, er det mykje krøll. Me mister avtaler. Det er taxiar som ikkje kjem, eller som møter opp på feil stad. Eller at det kjem vanlege bilar når me har bestilt stor bil med rampe, seier Baardsen.

Marit Lillevik Baardsen

MYKJE KRØLL: Mange har klaga mange gonger utan at det har hjelpt. Eg er litt illusjonslaus, seier Marit Lillevik Baardsen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Klaging hjelper ikkje

Mange stader i landet har det vore mykje klager på ordninga Pasientreiser.

Baardsen opplever at det ikkje hjelper å klage og har aldri gjort det.

– Me har jo mange negative erfaringar, men veit at mange har klaga mange gonger utan at det har hjelpt. Eg gidd ikkje, det hjelper ikkje. Eg er litt illusjonslaus om det.

Førre veke fekk alle taxiselskapa som jobbar med Helse Bergen nye kontraktar.

Helse Bergen seier nemleg dei er nøgd med taxiselskapa dei nyttar til pasienttransport.

Slik svarar Helse Bergen

– Generelt er leveransane våre tilfredsstillande, men me er klar over at det oppstår enkelthendingar.

Det seier Ann-Mari Høiland, avdelingsleiar for Pasientreiser i Helse Bergen.

Ho seier dei får klagar på under éin prosent av alle bestillingane.

– Me er avhengige av å få inn klagane. Me er jo leie oss for at dei opplever at tenesta vår ikkje er god nok. Det jobbar me veldig med, og me følgjer tranportørane våre tett opp.

– Ventetider må ein alltid rekna med når ein skal til og frå behandling, og avvik kan oppstå fleire stader, seier Høiland.

– Er det Helse Bergen eller drosjeselskapa som vanlegvis har ansvar for forseinkingar og feil?

– Eg har ikkje tal på det, men er det bestillingar som er tatt dagen før eller tidlegare forventar me at dei skal hentast på avtalt tidspunkt.

Ann-Mari Høiland, avdelingsleiar for pasientreiser i Helse Bergen

TILFREDSSTILLANDE: Avdelingsleiar Ann-Mari Høiland i Helse Bergen meiner pasientreise-tilbodet er tilfredsstillande, men at ein alltid må rekna med ventetid for taxi til og frå behandling.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ho fortel at Helse Bergen av tiltak har me sett inn timebilar, der me har bilar som me styrer og kan bruke på til dømes barn som skal til og frå behandling.

Frå 1. oktober inngjekk Helse Bergen nye toårsavtalar med drosjeselskapa om pasientreiser. Alle dei tre selskapa Christiania Taxi, Norgestaxi og Bergen Taxi har fått fornya sine avtalar, med litt justerte geografiske område.

Betyr det at Helse Bergen er nøgde med jobben drosjeselskapa har gjort før?

– Me har ikkje hatt grunnlag for å seia opp kontrakt i forhold til vesentleg misleghald. Men me kjem til å følga eksportørane våre endå tettare opp, seier Høiland.

Hei!

Har du tips til meg om liknande saker? Ta gjerne kontakt! 

Bergen Taxi svarar

I Bergen Taxi svarar dagleg leiar Jan Valeur slik på kritikken mot at deira spesielt tilpassa drosjar kjem for seint eller ikkje i det heile tatt.

– Det er veldig beklageleg at brukarar av spesialbil ikkje alltid får hundre prosent leveranse. Bestillinga av pasienttransport har Helse Bergen ansvar for. Me utfører transporten ut frå bestillinga. Det kan sjølvsagt skje avvik og misforståingar, men hovudansvaret for å legga inn bestillinga ligg på helsevesenet. Når det gjeld private reiser kan det sjølvsagt skje feil, og manglande kapasitet kan gi ventetid. I periodar kan det skje oftare enn me likar.