Hopp til innhold

Set opp Kardemomme by med nordkoreanske barn

Den omstridde kunstnaren Morten Traavik har henta eit barnekor frå Nord-Korea til Bergen. Under Festspillene skal dei framføra ein ny versjon av Thorbjørn Egners nasjonalskatt.

Morten Traavik

KUNSTNAR: Morten Traavik har vitja Nord-Korea fleire gonger. Denne gongen tek han med seg ei barnekor frå Pyongyang til Bergen.

Foto: Morten Traavik / Privat

Kardemomyang plakat

KARDEMOMYANG: Thorbjørn Egner si populære historie om 'Folk og røvere i Kardemomme by' skal framførast av nordkoreanske barn under Festspillene i Bergen.

Foto: Valnoir

Om ei knapp veke vil Bergen få eit heilt spesielt besøk frå det som ofte vert omtala som verdas mest lukka land, Nord-Korea. Sju barn frå den prestisjefylte musikkskulen Kum Song i Pyongyang vil for første gang reisa utanlands og ferda går altså til Vestlandet og Bergen.

– Dette er heilt nytt for barna. Dei vil få ei ny oppleving av Noreg og landets kultur og tradisjon. Mitt mål er å introdusera dei for ei ny verd og ei erfaring som vil gi dei eit nytt perspektiv, seier Traavik til NRK.

Skal framføra norsk nasjonalskatt

Dei nordkoreanske barna er i alderen 11 til 15 år og kjem til Bergen 15. mai i forbindelse med Festspillene. Her skal dei framføra eit stykke basert Thorbjørn Egner si barnebok "Folk og røvere i Kardemomme by".

Stykket har fått namnet "Kardemomyang" og Traavik er regissør.

– Dei vil framføra stykket på Logen Teater 22. mai. Publikum vil få høyra norske songar frå spelet, i tillegg til andre utvalde songar, fortel Traavik.

Demokrati og ytringsfridom

Forteljinga om innbyggjarane i Kardemomme by er velkjend for dei aller, aller fleste. Boka vart svært populær på 1950-talet og vert sett på som ein av dei viktigaste norske barnebøkene. Den einaste lova i Kardemomme by seier; "Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil".

"Kardemomyang" er laga spesielt for Festspillene, og reflekterer rundt ulike samfunnsmodellar og tek opp verdiar som fridom og fellesskap. Tema det er ekstra fokus rundt i forbindelse med Noregs grunnlovsjubileum.

– Freakshow

Men då programmet til Festspillene vart sleppt, skapte oppsetjinga til Traavik reaksjonar. Til TV2 seier historikar Bård Larsen frå tankesmien Cevita at det heile verkar å vera utan meining.

– Ein må vita at nordkoreansk kultur i stor grad er veldig politisert. Det er ein ideologisk kultur. Og å setje nordkoreanske barn til å synga norske barnesongar, det står fram for meg som litt freakshow, seier Larsen, som fleire gonger har vore kritisk til Traavik.

I eit lesarinnlegg publisert i Bergens Tidende i februar, skriv Larsen at eit samarbeid med eit totalitær regime "med så grove forbrytleser mot menneskeheten på samvittigheten, kan i en historisk kontekst vanskelig oppfattes som annet enn tankeløst medløperi".

Overraska

For kunstnaren sjølv er det litt overraskande at det meste av den negative kritikken mot dette prosjektet, kjem frå Noreg og ikkje frå Nord-Korea.

– Folk som aldri har vitja Nord-Korea har fordommar og ein slags idé om eit "terrorregime". Dei ser ikkje lenger enn det. Dette er eit forsøk på å bryta dette tabuet og føre to samfunn saman gjennom kunsten, seier Traavik til NRK.

Kunstnaren har tidlegare uttalt til NRK at det spanande med å samarbeide med Nord-Korea er at ein jobbar mellom to ytterpunkt av propaganda.

– På den eine sida har du statspropagandaen som heile tida held fram Nord-Korea som verdas beste land. På den andre sida er den motsette propagandaen som vi vert utsett for, som syner Nord-Korea som verdas verste land. Og mellom desse ytterpunkta skal ein prøve å ta omsyn til kvarandre som folk.

Samarbeid gjennom kunsten

Det er altså ikkje første gong Morten Traavik samarbeider med kunstnarar, musikarar og ungdommar frå Nord-Korea. Dei siste åra har Traavik vitja Nord-Korea fleire gonger. I tillegg til å skapa kontrovers, har kunstprosjekta hans også hausta mykje merksemd.

Dei fem koreanske musikarane frå Kum Song-skulen, som framførte A-has "Take on Me" på trekkspel, gjekk som ein farsott på internett tilbake i 2012. Same året fekk han 220 norske grensesoldatar frå Sør-Varanger til å setje opp ein bildemosaikk i Kirkenes. Mosaikken var inspirert av sokalla massegymnastikkoptredenar i Nord-Korea, og mosaikken vart guida av to nordkoreanske instruktørar.

– Eg er ein artist og eg nyttar mitt felt til å bringe menneske saman, slik at dei lærer av kvarandre og deira samfunnsverdiar, avsluttar Traavik.

Dei nordkoreanske barna som no kjem til Bergen får også oppleva Noregs nasjonaldag. I 2012 var det Traavik som feira 17. mai i Nord-Korea, saman med eit tjuetal nordmenn.