– Me skal prøva å finna att oss sjølv. Det blir godt å pusta litt, og ikkje leva frå veka til veka med forskjellige kampplanar, seier sogndaltrenar Eirik Bakke til NRK etter kampen.
Tilbake til 4-4-2
Det vart,
, 3-0-tap mot Rosenborg. Kampen opna jamspelt, men halvtimen ut i første omgang fann Milan Jevtovic vegen til nettmaskene for bortelaget. I andre omgang opna Rosenborg best, men i det Sogndal var på veg inn att i kampen, scora Fredrik Midtsjø for trønderane: 2-0.– I det me skal endra formasjon til 4-4-2, får dei 2–0. Då blir det tungt for oss, seier Bakke.
Midtvegs i andre omgang fastsette Matthías Vilhjálmsson resultatet til 3–0.
Bakke ønskjer eigentleg at dei skal spela i ein 4-4-2-formasjon. På grunn av alle skadane dei har fått i vår, har dei brukt andre formasjonar for å «få det beste ut av gruppa», slik Bakke seier det. No skal Sogndal bruka ferien, etter først å ta nokre dagar fri, på å finna tilbake til favorittformasjonen.
– Å spela 4-4-2, pressa meir og jaga meir, det er noko me skal jobba med. Men då må me nok forsterka oss i eit par posisjonar, seier Bakke.
– Kva treng de?
– No må eg få pusta litt, og så må me sjå kva posisjonar me treng å forsterka.
Framleis ingen Hovland
Bakke sa fredag at dei er på
, då Kjetil Wæhler mest truleg er blir verande att i Oslo etter ferien, og det er knytt stor uvisse til om Espen Næss Lund blir med vidare etter ferien.I sagaen om Even Hovland var det heller ingenting nytt å melda laurdag. Vaimingen har trent med Sogndal dei siste vekene, men den klubblause landslagsspelaren har enno ikkje bestemt seg for om han vil takka ja til Sogndal sitt kontrakttilbod.
– Even er førstevalet. Men om ikkje han vil, må me finna nokon andre, sa Bakke fredag.