Trur mann står bak nettovergrep mot opptil 1000 barn

Mann i 40-åra tatt av Kripos etter å ha delt overgrepsmateriale på det mørke nettet. Så langt har politiet identifisert 40 norske gutar som offer, nokre av dei helt ned i 8-årsalderen.

Seksjon for internettrelaterte overgrep i Kripos

AVSLØRT: I operasjonsrommet til Kripos på Bryn sit politietterforskarar og saumfer fleire forskjellige kanalar for bilete og filer i jakt på internettovergriparar. I desember i fjor fann dei mannen i Bergen som kan ha halde på i mange år. Dette er eit illustrasjonsbilete som syner kor personar som lastar ned overgrepsmateriale bur.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Den store etterforskinga har fått namnet operasjon «Krypt» i Vest politidistrikt.

Ein mann i 40-åra frå Bergen er sikta i saka. Han vart pågripen i midten av desember i fjor, og har vore i varetektsfengsla sidan då.

– Saka har eit veldig stort omfang. Vi ser at han har gjort seg skuldig i nettovergrep i ganske så stor utstrekning. Han har brukt mykje tid på denne aktiviteten, i mange år, seier seksjonsleiar Janne Heltne i Vest politidistrikt til NRK.

Offer under 10 år

Operasjon «Krypt» starta då Kripos overvaka aktivitet og deling av overgrepsmateriale på det mørke nettet. Mannen vart identifisert og politiet gjekk så til aksjon.

Bergensaren er mellom anna sikta for brot på straffelovas paragraf 299 og 301, som omhandlar valdtekt og grov valdtekt av barn under 14 år. Alle overgrepa har skjedd over nettet.

– Vi jobbar med å identifisere offer og har så langt identifisert 40 norske gutar. Dei yngste er nede i 8–9 årsalderen. Det er offer frå heile landet og frå utlandet, seier Heltne.

Ho seier omfanget er «mykje, mykje større» og at det kan vera fleire hundre, kanskje opp mot tusen, fornærma i saka.

Janne Ringset Heltne i Vest politidistrikt

ETTERFORSKAR STOR OVERGREPSSAK: Janne Ringset Heltne, seksjonsleiar for påtale i Vest politidistrikt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Lurer barn og deler video vidare

Namnet på etterforskinga viser til at mykje av materiale og aktiviteten i saka skjer på krypterte tenester.

Likevel klarte politiet å identifisere mannen. Etter å ha gått gjennom beslag av store mengder datautstyr, meiner politiet dei har fått tak i ein person som har halde på i mange år.

Heltne fortel at mannen har ein framgangsmåte som også er kjent frå andre nettovergrepssaker. Han gir seg ut for å vere ei ung jente, spelar av videoopptak av jenta til dei fornærma, der ho utfører seksuelle handlingar med seg sjølv.

– Mange gutar blir lurt, trur dei kommuniserer med denne jenta og blir bedt om å kle seg nakne og utføre seksuelle handlingar på seg sjølv. Mannen gjer filmopptak av dette og deler materialet vidare på det mørke nettet, seier Heltne.

Nektar å gi frå seg passord

Etterforskinga i operasjon «Krypt» vil halda fram gjennom sommaren og utover hausten. Førre veke vart mannen varetektsfengsla i åtte nye veker i Hordaland tingrett.

Heltne seier mannen har erkjent ein del av aktiviteten. Politiet jobbar vidare med å gå gjennom materiale som er sikra, avhøyre fornærma og identifisere offer.

I fengslingsavgjerda frå tingretten skriv retten at det er fare for at bevis kan bli øydelagt i saka, fordi «sikta framleis ikkje har oppgitt passordet til sine krypterte einingar».

Mannens forsvarar, advokat Kim Villanger, ønskjer ikkje å kommentere saka no.