Årsaka er at heilautomatiske bompengeringar har store problem med å sjå skilnad på polske og norske bilskilt.
- Det er heilt klart problematisk at folk får rekningar for passeringar dei ikkje har gjort. Dette bør dei ordna opp i, meiner rådgjevar Martin Halsos i Forbrukarrådet.
Martin Halsos. (Foto: John Gunnar Skien/NRK)
Forvekslar skilta
I januar fortalde NRK om fleire bergenske bileigarar som var blitt lasta for bompasseringar dei ikkje hadde gjort.
Årsaka var altså at den heilautomatiske bompengeringen forveksla dei polske og danske bilskilta med norske. Dermed gjekk rekninga til norskregistrerte bilar utan autopassbrikke.
Også i Tønsberg har ein same heilautomatiske ordning.
Vil ha same system i Oslo
I Oslo har ein fortsatt manuelle ordningar og autopass-felt med brikker, men planen er at automatiske ordningar også skal innførast her.
Dei ventar berre på ei rettsavgjerd i personvernnemnda som går på problema ein har i Bergen og Tønsberg.
- Men me meiner likevel at fordelane med automatisk bompengering er større enn ulempene, seier senioringeniør Geir Kjønigsen i Vegdirektoratet.
Problem med polske skilt
Det er Statens vegvesen har ansvaret for at køfritt Autopass-system fungerer tilfredstillande.
Senioringeniør Kjønigsen i Vegdirektoratet ser alvorleg på problemet.
- Me er svært merksame på dette, og me jobbar kontinuerleg med å førebu den logikken som tolkar skilta, fortel han.
Datamaskinane klarer no å skilja dei danske frå dei norske bilskilta, men framleis skapar polske bilskilt hovudbry.
Garanterer ikkje vasstett system
Inntil vidare meiner Kjønigsen at dette er eit problem bilistane berre må leva med.
- Eg vonar me klarer å løysa problemet, men eg er ikkje heilt sikker på om me nokon gong kjem til å få eit 100% vasstett system, seier han.
Forbrukarrådet tilrår bileigarane å kontrollera rekninga frå bomselskapet ekstra nøye