Hopp til innhold

Aukande problem gir økonomiske konsekvensar for oppdrettsnæringa

2022 var rekordår for tap av laks, blant anna på grunn av auka førekomst av sår. Sjømat Norge er urolege for aukinga av vintersår blant oppdrettslaks.

Vintersår hos laks

KJØTTSÅR: Slik kan såra hos oppdrettslaksen sjå ut.

Foto: Duncan Colquhoun / Veterinærinstituttet

– Det er eit enormt problem for velferda til laksen, seier Geir Ove Ystmark, administrerande direktør i Sjømat Norge.

Vintersår er eit aukande problem i oppdrettsindustrien, spesielt for oppdrettslaksen.

Vintersår er sårdanningar på fisken som skyldast bakteriar, handtering av fisken i samband med avlusing, og det er ei liding som tradisjonelt sett har blitt behandla med godt fungerande vaksinar.

No har bakteriane på laksen utvikla seg, og vaksinane mistar effekten sin.

Nye vaksinar kan bidra positivt frå 2024, men det må takast tak i situasjonen no, påpeiker sjømatorganisasjonen.

– Dette må ein ta tak i

– Det er ikkje noko bra for fisken å få sår, det auka dødelegheita i oppdrettet. Vi som næring ynskjer å ha så lite som mogleg vintersår, seier Ystmark.

Vintersåra liknar svære kjøttsår.

Vintersår på laks

ØKONOMISKE KONSEKVENSAR: Aukinga av vintersår gir store økonomiske konsekvensar.

Foto: Duncan Colquhoun / Veterinærinstituttet

Såra gir økonomiske konsekvensar. Det blir meir svinn, fordi mindre av laksen blir til mat.

– Det blir dårleg økonomi. Laksen som skal bli slakta må bli retta for feil før den går ut i marknaden. Dette vil gå ut over pris og lønsemd i næringa, seier Ystmark.

– Oppdrettarane tapar ei betydeleg mengde med pengar på dette og det er ei stor velferdsutfordring for fisken. Dette må ein ta tak i, seier Bjørn Olav Kvamme, forskingssjef på Havforskningsinstituttet, og leier av gruppa for smittespreiing og sjukdom.

Bjørn Olav Kvamme

Forskingssjef Bjørn Olav Kvamme ved Havforskningsinstituttet ser alvorleg på økonomiske konsekvensar, og velferda til laksane.

Foto: Privat

Fatta tiltak

Mattilsynet har fatta eit tiltak for å få orden på problemet:

– Det er problematisk at mykje oppdrettslaks lir på grunn av sår, og vi har derfor fatta et vedtak om utslakting der mengda av sår har vore stor, seier Lise Rokkones, seksjonssjef i seksjon fiskehelse og fiskevelferd.

Ho legg til at det er viktig å gode vaksinar, slik at ein kan bidra til at både helsa og velferda til fisken blir betre. I tillegg til effektive vaksinar vil det alltid vere nødvendig med eit godt smitteførebyggjande arbeid.

Vintersår på laks

Vaksinar og smitteførebyggjande arbeid kan føre til at færre laks får vintersår.

Foto: Duncan Colquhoun / Veterinærinstituttet

Laksen er jo husdyra våre, og dei lid, seier Ystmark, som håpar at ein kan få ein nedgang i vintersåra ved hjelp av eit betydeleg fokus på internkontroll.

Dei driv ogso med søkje på gode måtar for korleis ein kan behandle laksen så godt som mogleg.

Vanskeleg oppgåve

Ein anna grunn til aukinga av vintersår, er ei auke av behandling av lakselus som gjer aukande sårdanningar.

Om det er mogleg å bli heilt kvitt lakselusa, trur ikkje Ystmark.

– Det vil vere økologisk vanskeleg å bli kvitt lakselusa heilt. Vi vil alltid ha lakselus og biologiske utfordringar på same måte som det alltid vil vere litt influensa hos oss menneske, seier han og legger til:

– Me ynskjer å halde problema på eit lågast mogleg nivå.

For å halde problemet under kontroll samarbeider Sjømat Norge med Mattilsynet og andre offentlege myndigheiter for å ha eit best mogleg system rundt næringa.

Geir Ove Ystmark

Administrerande direktør i Sjømat Norge, Geir Ove Ystmark trur ikkje det er mogleg å bli heilt kvitt lakselusa og vintersåra.

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK

– Vi arbeidar først og fremst systematisk inn mot oppdrettsbedrifter for å ha eit godt internkontrollsystem på plass, seier Ystmark.

Det viktigaste er å få sett i gang alle tiltaka, og få utvikla nye vaksinar som fungera på dei nye bakteriane.

– Næringa sjølv må først og fremst løyse desse utfordringane.

Liknande døme

Ved spørsmål om kva såra har å seie for sal og kvaliteten på fisken, trekk Kvamme fram ein nyleg hending.

– Eit liknande døme som har vore i media er røykelaks som hadde sår på fileten som vart seld og som forbrukarar reagerte negativt på.

Les også Laks med store sårskader hos Rema 1000

Rema 1000 i Son

– Dei må behandle fisken annleis for å få vekk skadar. Dersom dette blir veldig alvorleg så må dei nok kassere heile fisken.

– Det er eit generelt eit problem at ein har tap i denne næringa, og då at ein får eit aukande sårproblem vil gje eit aukande tap av fisk. Oppdrettarane tena dermed mindre og det går ut over deira botnlinje. Samtidig som at det går ut over velferda til fisken, seier Kvamme.

Marine Donut lakseanlegg skipes ut Frierfjorden.

Fredag blei eit gigantisk smultringforma oppdrettsanlegg for laks segla ut Frierfjorden. Det skal bruke fire dagar på veg til Romsdalsfjorden. Selskapet Bluegreen frå Bamble har bygd det 550 tonn tunge anlegget som kan romme 200.000 laks. Fordi anlegget er heilt lukkast skal ein kunne unngå lakselus, rømmingar og utslepp av slam.