Hopp til innhold

Åtvarar mot uttale til Frp-topp: Sa Trump-tilhengarar kan ha vore infiltrerte

Leiar i Sunnfjord Frp spør seg om fleire av dei som storma representanthuset berre var utkledde Trump-tilhengarar. – Eg vil oppfordre politikarar til å ta omsyn til røynda slik ho er, svarer Ketil Raknes.

Demonstranter inne i Kongressen, i midten Jake Angeli

SABOTASJE: Gruppeleiar i Sunnfjord Frp mistenker at dei som tok seg inn i kongressbygningen onsdag var «infiltrerte» av venstresideaktivistar som hadde kledd seg ut som Trump-tilhengarar – «for å villeie».

Foto: JIM LO SCALZO / EPA / NTB

– Tida vil vise kven som står bak inntrenginga i parlamentet, seier Terje Johan Helgheim, som er gruppeleiar i Sunnfjord Frp.

Kommunen består av det som fram til 2020 var Førde, Jølster, Naustdal og Gaular.

Helgheim presiserer at han ikkje kan bevise noko, men mistenker at dei som tok seg inn i kongressbygningen onsdag var «infiltrerte» av venstresideaktivistar som hadde kledd seg ut som Trump-tilhengarar – «for å villeie».

– Først var markeringa roleg og beherska på utsida av bygget. Slik Trump-møta pleier å vere. Så, plutseleg, var det som om noko skjedde. Som om dei var leidd. Men eg kan ta feil av det også, sjølvsagt.

Terje Helgheim

MISTANKAR: – Tida vil vise kven som står bak inntrenginga i parlamentet, seier Terje Johan Helgheim, som er gruppeleiar i Sunnfjord Frp.

Foto: Steinar Lote / NRK

I USA har framståande republikanarar lufta den same teorien – om at dei som braut seg inn, i røynda var utkledde Antifa-aktivistar.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Ifylgje denne meiningsmålinga frå YouGov meiner eit fleirtal av republikanske veljarar at påtroppande president Joe Biden er å klandre for storminga av representanthuset.

– Diktar opp ei røynd til egne formål

– At denne storminga skal vere et resultat av ein enda djupare konspirasjon, er heilt bortanfor, seier Ketil Raknes, høgskolelektor og USA-kjenner.

New York Times skriv at «det er ingen bevis for at Antifa-aktivister var blant dei som storma bygningen.»

Raknes legg til:

– Generelt vil eg oppfordre politikarar i Noreg og USA til å ta omsyn til røynda slik ho er, og slutte å dikte opp ei røynd som passar til egne formål.

Ketil Raknes

BERRE TULL: – At denne storminga skal vere et resultat av ein enda djupare konspirasjon, er heilt bortanfor, seier Kjetil Raknes, høgskolelektor og USA-kjenner.

Foto: Pressefoto

Redaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk er like kategorisk.

– Løgn, feilinformasjon og konspirasjonsteoriar har heile vegen vore ein viktig del av trumpismen. Eg synest det er trist med alle dei som ennå ikkje klarer å gjennomskode desinformasjonen og ta innover seg realitetane.

– Trump-tilhengarar oppfører seg ikkje sånn

Simon Friis Larsen er KrF-politikar og har det siste året markert si støtte til Donald Trump ved fleire høve, til sjenanse for KrF-leiinga.

I likskap med Helgheim viser også Friis til kor «atypisk» demonstrantane oppførte seg.

– Trump-tilhengarar oppfører seg ikkje sånn. Har du sett det før? spør han.

I mai i fjor tok tungt væpna demonstrantar seg inn i delstatsforsamlinga i Michigan. President Donald Trump bad guvernøren om å forhandle med dei.

Friis poengterer likevel at han ikkje kan utelukke at Trump-tilhengarar står bak storminga.

– Det mogeleg at det var Trump-tilhengarar. Dette må etterforskinga vise. Uansett kven dei er, så er det fullstendig uakseptabelt.

I ein mykje delt artikkel frå Washington Times vert det hevda at eit dataprogram kjente att venstresideaktivistar framfor kongressbygningen.

Artikkelen var sidan trekt tilbake.

Simon Friis Larsen feiret da Donald Trump skulle lansere sitt gjenvalgskandidatur i 2019.

UAKSEPTABELT: – Det mogeleg at det var Trump-tilhengarar. Dette må etterforskinga vise. Uansett kven dei er, så er det fullstendig uakseptabelt, seier Simon Friis Larsen (KrF).

Foto: Privat

– Den gamle infiltratør-tesen i ny drakt

– Dette er berre den gamle infiltratør-tesen i ny drakt, seier Asle Toje, som er statsvitar og kommentator.

Fenomenet kan forklarast både psykologisk og politisk, forklarar han. Psykologisk handlar det om å ta vare på biletet av si eiga side som den gode og rettvise. Når dette sjølvbilete trues, blir mekanismar sett i sving for å avstemme kartet og terrenget på nytt.

Politisk har førestillinga om «femtekollonistar» vore eit hendig verktøy for å skape identitet og orden.

– Lærdommen bør vere at alle bør ha ein sunn dose skepsis til kva de blir fortalt. Og at oppsiktsvekkande påstandar krev oppsiktsvekkande bevis, seier Toje.

– Falsk flagg-syndromet

John Færseth, som har skrive bok om konspirasjonsteoriar, viser til at fleire av dei som var fremst i rekkene utanfor kongressbygningen har vore kjente Trump-tilhengarar i ei årrekke.

– For meg framstår dette som nok et eksempel på «falsk flagg»-syndromet som vi har sett meir og meir av sidan terrorhandlingane 11. september, og som dei siste åra har dukka opp etter nesten kvar einaste valdshandling.

Bård Larsen er historikar i tenkjetanken Civita.

– Radikale tenderer mot å sjå samansverjing oftare enn andre, seier han.

Han legg til at sosiale medium er «ei gullgruve for confirmation bias» (stadfestingsfella, jou.anm.), på den måten at du kan finne støtte for eitkvart syn – uansett kor aparte er.

– Slik kan du få «stadfesta» akkurat kva det måtte vere.