Hopp til innhold

Trumps norske forsvararar har endra syn

Dei norske Frp-politikarane som tidlegare har teke Trump i forsvar formulerer seg nådelaust om den amerikanske presidentens siste handlingar. Og verdig Nobel-kandidat er han ikkje lenger.

Donald Trump under March for Life, Washington, D.C. 24. januar 2020.

NO LOVE FROM NORWAY: Tidlegare støttespelarar er ikkje så begeistra over siste døgn.

Foto: Sipa USA

Skam. Tragisk. Det har bikka over. Slike ord brukar dei som tidlegare har omtalt den amerikanske presidenten i meir positive ordelag.

Det har ikkje krydd av Trump-støttespelarar i den norske rikspolitikken. Det er i Frp ein kan finne nokre få som har uttalt seg i positive vendingar om president Donald Trump.

  • Christian Tybring-Gjedde har nominert han til fredspris to gongar
  • Ex-justisminister Per-Willy Amundsen nominerte også
  • Parti-veteran Carl I. Hagen har sagt han ville ha stemt på Trump
  • Innvandringspolitikar Jon Helgheim har kritisert media for Trump-dekninga

Ein fredens mann - ikkje no lenger

Christian Tybring-Gjedde sa torsdag morgon at han no trur Trump er i mental ubalanse. Men Frps utanrikspolitiske talsperson har løfta fram Trump før med å nominere han til Nobels fredspris to gongar. I 2018 for dialogen med Nord-Korea og i år for meklingsinnsats i Midtausten. Frp-politikaren fekk også mykje merksemd sist då Trump ringde han for å takke.

I 2018 argumenterte Tybring-Gjedde og Per-Willy Amundsen for at Trump var ein fredens mann.

– Han viser at han er ein fredens mann, sa Tybring-Gjedde den gongen.

Per-Willy Amundsen

NOMINERTE: Per-Willy Amundsen meinte Trump var verdig fredsprisen.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

– Dette går rett inn i kjerna av Nobels testament om nedrusting og fred, supplerte Amundsen om dialogen Trump hadde med Nord-Koreas sterke mann, Kim Jong-un.

Tybring-Gjedde meiner fortsatt at Trump har fått til mykje i sin presidentperiode og at dei tidlegare Nobel-nominasjonane står seg i seg sjølv.

– Den første var jo fordi i samband med avspenning mellom Nord- og Sør-Korea. Ingen hadde snakka med leiaren i Nord-Korea før Trump fekk det til. Når det gjeld den andre, så er det ingen tvil om at han var kvalifisert til det. Han fekk til ein fredsavtale mellom Israel og ei rekke lande i regionen. Mange europeiske land har ikkje fått til det.

Kunne ikkje fått prisen no

Men. I dag kunne han ikkje fått prisen, seier Tybring-Gjedde.

IKKJE NOBEL I DAG: Men det kunne ein jo ikkje vite før, meiner Christian Tybring-Gjedde.

Tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen som var med på nominasjonen i 2018 seier han ser veldig annleis på Trump i dag.

– Det vi så i går var djupt tragisk, ein president som ikkje forstår spelereglane til demokratiet. Han viser seg rolla som USAs president uverdig.

Nobels fredspris ville ikkje vore aktuelt i dag, seier Amundsen.

– Eg ville ikkje nominert han i dag – basert på hendingar gjennom særleg det siste året.

– Men det betyr jo ikkje at eg kan angre på at eg gjorde den vurderinga i 2018. Det var konkrete forhold som uansett var realitet, USA har iallfall ikkje starta nye krigar under Trump og på fleire område har dei jobba for fred.

– Men burde ein sett desse tendensane den gongen du nominerte han?

– Det er ingen som hadde trudd at USA hadde valt ein president som hadde så grunnleggande lite respekt for demokratiske funksjonar og spelereglar. Ingen kunne føreseie dette i 2018.

Bikka over

innvandringspolitisk talsperson i Frp, Jon Helgheim

DUST: No har det iallfall bikka over, meiner Jon Helgheim (Frp).

Foto: Lise Åserud

Frps innvandringspolitiske talsperson Jon Helgheim seier han aldri har vore nokon Trump-fan, men han har ved flere høve kritisert norske medium si framstilling av Trump. Han har brukt det same «fake news»-omgrepet som Trump og har meint at det blir teikna eit unyansert skremmebilde av Trump.

Laster Twitter-innhold

I dag er det ingen Trump-sympati å spore hos Helgheim.

– Dette er trist å sjå. Det er grovt og alvorleg det Trump har gjort, eg meiner Trump er ansvarleg for det som skjedde i går. Det er ikkje noko som berre tilfeldigvis skjedde

– Har du endra syn på Trump?

– Eg har alltid sagt at eg ikkje er nokon stor fan av Trump. Eg har ofte sagt at han framstår som ein dust. Det har vore mi linje heile tida, men no etter valet har han bikka heilt over.

– Har han blitt feil framstilt av norsk media gjennom presidentperioden?

– Etter det Trump har gjort no, har han for all framtid øydelagt sitt ettermæle. Då går det ikkje lenger an å diskutere kva han har gjort tidlegare. Han har sjølv ansvaret for at vi ikkje lenger kan diskutere sakleg det han har gjort før.

Får som fortent

Tidlegare formann i Frp, Carl I. Hagen, har tidvis snakka varmt om Donald Trump. For eksempel innrømte han til Nettavisen like før valet at han nok ville ha stemt på en sittande presidenten.

Carl I Hagen om hvem han ville støttet i presidentvalget 2020. Med tillatelse fra Nettavisen.

Carl I Hagen om hvem han ville støttet i presidentvalget 2020. Med tillatelse fra Nettavisen.

Men onsdag kveld fekk pipa ein annan låt frå Hagen.

Carl I. Hagen om Trump på Facebook
Foto: Skjermdump fra Facebook

Hagen ønskte ikkje å utdjupe sitt synspunkt til NRK i dag.

Ein som ikkje vender Trump ryggen er nyleg ekskludert leiar i Oslo Frp, Geir Ugland Jacobsen. Han har meint at valet i USA var fiksa, og meiner fortsatt at valet bør undersøkast.

– Dei siste dagane har jo ikkje talt til Trumps fordel, men eg synest fortsatt politikken hans har vore til fordel for USA og verda, seier Ugland Jacobsen som meiner opptøyane ikkje er Trumps ansvar.

– Eg har ikkje registrert at han har initiert noko. Viss han har oppfordra folk til å storme kongressen, har han eit ansvar. Men viss han ikkje har gjort det, har han ikkje noko ansvar for det som har skjedd.

AKTUELT NÅ