Øvrebø har hatt det aktuelle biletet i butikken sin i seks år. Han tok det med til Nasjonalgalleriet for undersøking, og fekk beskjed om at det var godt laga, men ingen Astrup.
Trudde det var kopi
Jølstringen som kjøpte biletet seier til avisa Firda i dag at han trudde det var snakk om ein kopi då han frå bakre benk i auksjonslokalet såg at det vart bydd fram eit astrupbilete med jonsokbål eller priselde som motiv. Ein annan person kom også med bod, og denne karen var også fram for å sjå nøgnare på biletet, som manglar signatur. Han trekte seg på 1500 kroner, og jølstringen fekk tilslaget.