Hopp til innhold

Rysta over Fellesforbundet

Ingunn Yssen er rysta over Fellesforbundet etter at Jarle Kirketeig, som har varsla om mobbing, er truga med sparken.

Yssen Kirketeig
Foto: NRK

Tre tidlegare og noverande tilsette i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane skuldar den valde leiaren i Fellesforbundet for alvorleg mobbing og trakassering.

Mobbinga skal ha pågått over fleire år, og ein av dei som har vore klarast i kritikken er organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig.

Fekk brev

– Leiaren har brote meg ned både psykisk og fysisk, seier Kirketeig, som no er sjukmeld.

Det har lenge vorte heilt stilt frå Fellesforbundet, men i går fekk Kirketeig eit brev der det går fram at forbundet no vurderer å gje han sparken. Ut over dette ønskjer dei ikkje å kommentere saka.

-Svært alvorleg

Ingunn Yssen, som sjølv vart så alvorleg mobba at den tidlegare så mektige LO-leiaren Gerd Liv Valla måtte gå av, er sjokkert over utviklinga i saka.

– Dette er veldig alvorleg. Fagrørsla si kjernesak er å passe på arbeidstakarane sine og at dei ikkje blir usakleg oppsagde, seier Yssen.

Ho legg til:

– Difor blir det ekstra ille når det som skjer i Sogn og Fjordane går føre seg i fagrørsla sjølv, seier Yssen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Mobba av fagforeiningsleiaren

Bør få advokathjelp

Yssen oppmodar Kirketeig til å ta advokat, og seier det er Fellesforbundet si soleklare plikt å gje han advokathjelp og anna bistand.

Atle Reidar Sandnes, som var leiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane frå 2004 til 2005, karakteriserer saka som ein skandale.

– Eg er sjokkert over utviklinga i saka. Her har ein etter ein stått fram og sagt dei har vorte mobba av leiaren. Mobbinga skal ha pågått i årevis. I staden for at det blir valt ein ny leiar, vel fylkesstyret med leiaren i spissen å truge Kirketeig med sparken. Saka blir snudd totalt på hovudet. Eg har ikkje ord, sukkar Sandnes.

Krev ekstraordinært årsmøte

Han oppmodar no alle dei lokale klubbane i Fellesforbundet til å engasjere seg i saka.

– Eit ekstraordinært årsmøte må stablast på beina så snart som råd. Fellesforbundet kan ikkje lenger halde fram med dagens leiing, seier Sandnes.

Dei som har stått fram om mobbinga får Sandnes si fulle støtte.

– Det som skjer må kjennast som eit slag i andletet for dei som har stått fram. Dette kan ikkje halde fram lenger, seier Sandnes.

NRK har gjentekne gonger prøvd å få representantar frå Fellesforbundet i tale, utan å lykkast.