Hopp til innhold

Arne (36) blir klimaflyktning – sel slektsgarden og rømmer Vestlandet

RADØY (NRK): Våtare og villare klima har ført til så store problem for vestlandsbonden at fleire kommunar set i verk krisetiltak.

Arne Manger

For Arne Manger på Radøy har tilværet som bonde blitt så tøft at han sel slektsgarden.

Foto: Siri Løken / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har selt dei to traktorane og skal levere dei på fredag, seier Arne Manger.

I fleire generasjonar har familien Manger drive gard på Radøy i Nordhordland, men no er det slutt. Hunden Boss og katten er dei einaste dyra igjen på garden.

Det er slutt på kyr- og mjølkeproduksjon. I sommar går flyttelasset til Lesja i Gudbrandsdalen, der eit anna klima ventar.

– Eg er sjølverklært klimaflyktning. Det har blitt for uføreseieleg å vere bonde her i Nordhordland, seier Arne.

Utenfor fjøset er det vått og sølete.

Utanfor eit fjøs på Jæren sommaren 2017. Både her og andre stadar var jorda så våt at maskiner ikkje kunne køyre på den, og grønsakene hadde rotna.

Foto: Marte Skodje / NRK

Må vere i forkant av klimaendringane

Våtare og villare klima har ført til dramatiske konsekvensar for bøndene på Vestlandet. For mange er dei siste sesongane øydelagt av det endra klimaet, med langvarig regnvêr.

På Manger var det i juni i fjor 27 dagar med regnvêr, og Arne klarte berre så vidt å berge avlinga. Fjoråret kom på toppen av fleire dårlege sesongar.

– Vi veit ikkje korleis vêret blir framover, men vi må i alle fall vere førebudd på at det kan bli verre og då må vi vere i forkant, seier Laila Bjørge, som er landbrukssjef i kommunane Meland og Modalen.

Laila Bjørge

Laila Bjørge, landbrukssjef i kommunane Meland og Modalen.

Foto: Siri Løken / NRK

Hjelper bønder som slit

Dei siste sesongane har vore svært tunge for bøndene i Nordhordland, og mange slit med motivasjonen til å drive vidare. Fleire kommunar set no i gong krisetiltak for å hindre nedlegging av gardsbruk.

– Nokre bønder klarte seg sjølv om det var veldig dårleg vêr. Vi vil vite korleis dei har lukkast og korleis dei har tilpassa seg klimaet, seier Bjørge.

Då kom ideen å lage eit prosjekt der dei skal dele denne kunnskapen med andre bønder, gjennom blant anna å bruke videosnuttar og bilete gjennom sosiale medium.

Viktig kunnskap frå bøndene

Forskar Siri Eriksen ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, seier bøndene kan drive på ein måte som er meir tilpassa lokale forhold og klima. Det vert utvikla ny teknologi, sortar som skal tole meir og lettare maskineri.

– Men mykje av kunnskapen sit bøndene på. Viktigaste klimatilpassinga blir ofte gjort av bøndene sjølv, gjennom dei avgjerder og lokalkunnskap dei sit på, seier Eriksen

Forskaren meiner denne kunnskapen må bli fanga opp for å møte utviklinga i landbruket.

Arne Manger

På Lesja i Gudbrandsdalen vente ei 900 dekar jord og ei framtid som mjølkebonde på fulltid for Arne Manger. Der kan han nok vente seg mindre regn enn i Nordhordland.

Foto: Siri Løken / NRK

Ønskjer eit framtidsretta landbruk

– Eg tenkjer på framtida og borna mine. Om dei har lyst å drive med landbruk, så unner eg dei å få drive ein plass der ein framleis kan halde på med landbruk om 30 til 40 år. Det handlar om deira og vår framtid, seier Arne.

På Lesja i Gudbrandsdalen ventar 900 dekar jord og ei framtid som mjølkebonde på fulltid. Der kan han nok vente seg mindre regn enn i Nordhordland.

– Eg er blitt fortalt at om det kjem ei regnbye på Lesja så tar ein seg ein kaffikopp. Når koppen er tom så er det allereie opplett igjen. Så der må vi nok lære oss å vatne, seier Arne med eit smil.