Hopp til innhold

Arbeidsrettsekspert: Usikkert om Brann kan sparke spelarar etter nachspiel-skandalen

Vanlege arbeidstakarar kan miste jobben for å feste på eigen arbeidsplass. Men det er usikkert om dette gjeld fotballspelarar, seier jusekspert.

Branns direktør Vibeke Johannesen kan juble for seier i eliteseriekampen i fotball mellom Brann og Sandefjord Fotball. 3-2.

DAGLEG LEIAR: Vibeke Johannessen sa til Brann laurdag at klubben vurderer å terminering av kontraktar som ein sanksjon mot spelarar involvert i nachspiel-skandalen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Styret i Brann sit nett no i eit lenge planlagt styremøte. Der er det naturleg at framtida til dei mest sentrale spelarane i nachspielskandalen er eit tema.

Dagleg leiar Vibeke Johannesen sa til NRK laurdag at terminering av kontraktar var ein av sanksjonane leiinga vurderte mot spelarar.

Men det er ikkje sikkert klubben utan vidare kan kvitte seg med spelarane.

Kristoffer Barmen, Eliteserien fotball 2021: Brann - Lillestrøm (1-1)

IKKJE PÅ TRENING: Laurdag sa Brann-leiinga at Kristoffer Barmen (bildet) og Mikkel Andersen ikkje ville vere tilgjengeleg for kampen mot Sandefjord søndag. Dei to var heller ikkje på trening måndag eller tysdag.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Særleg sterkt stillingsvern

– Fotballspelarar er midlertidige tilsette som har høg terskel for å få kontraktane sine terminert.

Det seier Jakob Bentsen ved advokatfirmaet Høgseth i Bergen.

Han presiserer at han ikkje kjenner til kontrakten til dei aktuelle spelarane, men går ut frå standardkontrakten til fotballforbundet.

– NFF opererer med reglane til det internasjonale fotballforbundet på dette området. Dei har noko som heiter «just cause» for å terminere spelarar. Men det som har skjedd på Brann Stadion er så spesielt at eg ikkje er kjend med at det har vore prøvd for domstolane i Noreg.

Advokat Jakob Bentsen

– HØG TERSKEL: – Fotballspelarar er midlertidige tilsette som har høg terskel for å få kontraktane sine terminert, seier Jakob Bentsen ved advokatfirmaet Høgseth i Bergen.

Foto: Advokatfirmaet Høgseth

Oppseiingsgrunn for folk flest

Natt til tysdag for ei veke sidan låste 12 spelarar seg inn på Stadion. Med var sju kvinner. Det vart konsumert alkohol.

Om vanlege arbeidstakarar låser seg inn på arbeidsstaden sin for å feste er det er grunnlag for åtvaring eller oppseiing, seier arbeidsrettsadvokaten.

– Det er illojalt og eit grovt tillitsbrot. Men mange idrettsutøvarar har altså eit spesielt stillingsvern, seier Bentsen.

I tillegg har politiet har opna etterforsking av eit mogeleg seksuelt overgrep på nachspielet. Ein mann er mistenkt i saka, og han nektar straffskuld.

Brann-spelarane Kristoffer Barmen og Mikkel Andersen var etter avtale med klubben ikkje tilgjengeleg for kamptroppen mot Sandefjord søndag, og har heller ikkje vore på trening denne veka. Desse to er ikkje under etterforsking av politiet.

Brann-trening mandag 16. august

TRENING: To Brann-spelarar, Kristoffer Barmen og Mikkel Andersen, trente ikkje med laget måndag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Heilt spesiell sak

Tidlegare Brann-spelar Erlend Hanstveit er i dag forbundsleiar i Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon (NISO), fagforeininga for idrettsutøvarar.

Han vil ikkje uttale seg om denne konkrete saka, eller svare på om dei er involvert i den.

– Men har NISO erfaring frå liknande saker?

– Eg trur ikkje det har vore ei slik sak tidlegare. Ikkje så kompleks som den dei opplever i Brann no.

Det er venta at styremøtet vil vare til litt ut på ettermiddagen.

Styreleiar Birger Grevstad har tidlegare sagt at dei korkje vil frede dagleg leiar Vibeke Johannesen eller styret etter skandalen som har rysta Brann.