Hopp til innhold

Varsla om forhold i helseføretaket – blir truga med sparken

Denne veka varsla han om fare for liv og helse. Samstundes står han i fare for å bli sparka av leiinga i Sjukehusapoteka Vest.

Apoteksjef for sjukehusapoteket på Haukeland Pål Espen Johannessen.

KAN MISTE JOBBEN: Apoteksjef for sjukehusapoteket på Haukeland Pål Espen Johannessen.

Foto: Gerd Johanne Braadland

Pål Espen Johannesen er øvste leiar for eit av dei største sjukehusapoteka i landet.

Dei siste 12 åra har det vore stor gjennomtrekk i stillinga hans. 8 personar har slutta i jobben i perioden. Johannessen har vore leiar sidan 2020.

Apoteket på Haukeland universitetssjukehus leverer viktige medisinar til heile Noreg.

Johannessen har slått alarm om forholda i eige helseføretak. Mellom anna har han sendt bekymringsmelding til Helsetilsynet og Legemiddelverket.

Han meiner apoteket som fôrar sjukehus i heile Noreg med legemiddel ikkje er leveringsdyktige på ei rekkje sterile legemiddel.

Sterile legemiddel er viktige mellom anna når medisinar skal injiserast i kroppen til pasientar.

Haukeland universitetssjukehus

KONFLIKT: Apoteket forar heile landet med medisinar. No har apoteksjefen slått alarm om forholdane.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Førte tilsyn etter varsel

Denne veka gjennomførte Legemiddelverket på kort varsel eit eige tilsyn mot Sjukehusapoteket i Bergen.

Samstundes vurderer leiinga i Sjukehusapoteka Vest å sparke apoteksjefen. Bergens Tidende omtala saka fyrst.

NRK veit at det lenge har vore diskusjonar om korleis apoteket skal løyse utfordringa med steriliseringsutstyret.

I desember varsla administrerande direktør Jon Bolstad i Sjukehusapoteka Vest at han ville bruke tida til over nyttår med å vurdere om han hadde tillit til apoteksjefen.

Johannesen har totalansvar for drifta for apoteket som har 135 tilsette.

– Dette er ei personalsak, og vi vil av prinsipp ikkje kommentere dette, seier kommunikasjonssjef Bernt Flekke. Han uttaler seg på vegner av Jon Bolstad som er administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

Administrerende direktør i Sjukehusapoteka Vest, Jon Bolstad

Jon Bolstad er administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

Foto: Mette Anthun / NRK

Tilsette slår ring om apoteksjefen

Samstundes har 50 tilsette skrive eit omfattande støtteskriv der dei ber apotekleiinga avslutte oppseiingsprosessen mot apoteksjef Pål Espen Johannessen.

Oppropet kom i stand på kort tid tysdag. Dei tilsette skriv at Johannessen er fagleg dyktig og tek godt vare på dei tilsette.

– Dersom Pål Espen blir sagt opp no, blir han den niande i rekka som går. Det vil igjen vere kritisk for vidare drift av apoteket. Vi er avhengige av høgt kompetente personar som vil jobbe hjå oss, seier plasstillitsvald ved apoteket på Haukeland, Oddgeir Selaas

NRK veit at prosessen mot Johannessen har vekt stor frustrasjon og uro i organisasjonen.

– Eg tok imot eit brev frå Jon Bolstad i slutten av januar, der det vart kalla inn til drøftingsmøte der dei skulle ta stilling til spørsmål om dei ville seie meg opp eller ikkje, seier Johannessen.

Drøftingsmøtet skulle haldast klokka 12 i dag, men vart på kort varsel avlyst. NRK får opplyst at årsaka er gjennomgang av tilsynet til Legemiddelverket.

Johannessen seier han vil setje seg i mot ei oppseiing, og meiner den vil vere usakleg.

Han seier han har støtte frå fagforeining, jurist og tillitsvalde.

– Eg stiller meg totalt uforståande til påstandane dei kjem mot meg, som står fram som vage og generelle.

Apoteksjef for sjukehusapoteket på Haukeland Pål Espen Johannessen.

– USAKELEG: Apoteksjef for sjukehusapoteket på Haukeland, Pål Espen Johannessen, meiner ei eventuell oppseiing vil vera usakeleg.

Foto: Gerd Johanne Braadland

Stor gjennomtrekk av apoteksjefar

Bakgrunnen for konflikten er mellom anna at Johannessen krev at apoteket får sin eigen driftsingeniør.

– Eg har prøvd å varsle om at det i ytste konsekvens kan vere fare for liv og helse. At vi var på veg ut i eit farleg farvatn. Vi treng folk som kan halde ved like og utbetre eit vassanlegg som leverer sterilt vatn.

Destillasjonsanlegg på Haukeland

DEFEKT VASSANLEGG: Eit vassanlegg som leverer sterilt vatn har vore ute av drift i store delar av 2022 og så långt i 2023.

Foto: Sjukehusapoteket i Bergen

Johannesen opplever det som at ein vil fjerne ein medarbeidar fordi leiinga ikkje likar at ting blir tatt opp.

– Det har vore minst åtte personar som har vore i stillinga mi som sjukehusapotekar dei siste 12 åra. Det har vore ei enorm utskifting.

NRK har vore i kontakt med to av dei tidlegare leiarane ved Sykehusapoteket i Bergen. Ingen av dei vil la seg intervjue no, men uttrykkjer støtte til Johannessen.

– Det er den ansvarlege på apoteket sitt namn som blir hefta dersom noko skulle gå galt. Det skulle ikkje få skje på mi vakt, seier vedkomande til NRK.

I kveld skal det også vere eit ekstraordinært styremøte i Sjukehusapoteka Vest. Møtet er digitalt og lukka for publikum.