AP-sekretæren vitja Nordfjord

Partisekretær i AP fekk høyra kva helsevalløfta til partiet var verd.

Video AP i krise får hjelp av partisekretæren.

- Me har gått ut og lovd velgjarane våre å behalda sjukehusa våre slik me har dei. Også kjem dei folkevalde i ettertid og bryt den lovnaden. Det er å lura velgjarane, noko som ikkje er bra i det heile teke, seier kommunestyrerepresentant Rolf Lefdal i Eid, ein av dei som har meldt seg ut av partiet i rein frustrasjon.
.

- Nordfjordeid ikkje tilfeldig

Raymond Johansen og Siri Sandvik i Eid Ap

Raymond Johansen og Siri Sandvik i Eid Ap

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Striden kring lokalsjukehusa fører til harde tak internt i Arbeiderpartiet. Helse Førde vil legge ned føde og akuttilbod ved sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal, det har ført til at fleire politikarar har meldt seg ut av partiet.

I Selje kommune har lokallaget i praksis blitt nedlagt då samtlege tillitsvalde la ned verva sine og meldte seg ut av partiet.

Les også: Partisekretær om utmeldingar i AP

Les også: Selje Arbeiderparti er historie

Les også: Ap-medlem melder seg ut i protest

Torsdag var Ap sin partisekretær Raymond Johansen i Nordfjord for å roe gemytta.

- Det er ikkje tilfeldig at eg er akkurat her i Nordjordeid, eit av områda der dette er det mest brennheite temaet, seier Johansen.

- Meir alvorleg

Han har opprøret i Hardanger friskt i minne. Men lokallagsleiar i Eid Siri Sandvik meiner at situasjonen i Nordfjord kan bli verre enn den i Hardanger.

- Her handlar det om liv og helse, og det er mykje meir alvorleg, Endar det med nedlegging, er dette løftebrot.

Les også: - Øberg har dolka oss i ryggen

Les også:

Men Johansen kunne ikkje lova noko i dag.

- Eg håpar inderleg me klarar å få fram at alle skal ha krav på det same gode helsetilbodet, uansett kvar ein bur i Norge.

Fryktar masseutmelding

Rolf Lefdal ser på internett ei gruppe på Facebook som viser at engasjementet er enormt.

- Stor oppslutnad. 4182 medlemmar.

Sjølv har han mistra trua på eige parti, han er overtydd om at det vil verte endå fleire utmeldingar om Nordfjordingane tapar sjukehustriden.

- Heilt klart, då vert det masseutmelding.