Hopp til innhold

Partisekretær om utmeldingar i AP

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Raymond Johansen meiner utmeldingane i Selje AP er beklagelege.

Partisekretær Raymond Johansen i Ap

Partisekretør Raymond Johansen i Ap vil følgje situasjonen i Selje AP nøye.

Foto: NRK

I protest mot Sogn og Fjordane AP sin helsepoltikk bestemte både styret i Selje Ap og kommunestyremedlemmene å trekke seg ut av partiet i går kveld. Og etter alt og døme vil totalt 20 av 23 medlemmer i lokallaget melde seg ut av partiet.

- Uvanleg mange utmeldingar

Fylkesleiar i AP, Nils P. Støyva seier det er ei trist sak, og har kobla inn partiet sentralt. Partisekretær Raymond Johansen vil no følgje situasjonen i Selje Ap nøye.

- Det som har skjedd er beklageleg. Men det er klart at lokalsjukehussakene er omstridde og skapar mykje følelsar, seier Johansen.

Han seier AP er vant til at folk melder seg ut, men at saka i Selje er uvanleg.

LES OG: Johs B. Thue krev helseoppryddinger internt i AP

- Dette er ikkje slutten

- Eg held tett kontakt med både fylkespartisekretæret og fylkesleiaren om denne saka. Heldigvis er det mange gjenverande medlemmer i Selje Ap, så dette er ikkje slutten på noko.

- No er det nokon som har meldt seg ut, og viss dei med det vil vise sin politiske misnøye, så må dei få lov til å gjere det, seier Johansen.