Hopp til innhold

Ap-medlem melder seg ut i protest

Over ti medlemer i Selje Arbeidarparti vil melde seg ut partiet i protest mot måten sentrale Ap-personar styrer helsepolitikken.

Det er den betente sjukehussaka som får Ap-medlemene i Selje til å handle. Helse Førde føresler store endringar i sjukehusstrukturen, med Arbeidarpartiet si fylkestingsgruppe si velsigning.

- I strategidokumentet til Helse Førde står det at ein skal ha to distriktsmedisinske senter og eit sentralsjukehus. Dette meiner eigentleg ikkje Sogn og Fjordane Arbeidarparti, men likevel klarer fylkestingsgruppa å gjere eit vedtak som er i tråd med Helse Førde sine ynskje, seier leiar i Selje Ap, Terje Ødegård.

Frustrert over Mowatt

Lokallaget varsla for ei tid attende masseutmelding frå partiet . Ødegård er oppgjeven over helsepolitikke i Arbeidarpartiet, og er spesielt frustrert over Ap-politikar og styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt, som mellom anna tok initiativ til å utsette handsaminga av sjukehussaka i Arbeidarpartiet.

Den tidlegare Hyllestad-ordføraren forsvarar utsettinga og minner om at over 70 av 100 delegatar stemde for utsettingsframlegget.

- Årsaka var kort og godt at vi fekk ei utgreiing presentert på fredagen som ingen hadde lese. Då meinte vi og fleirtalet på årsmøtet at det var rett at kommunepartia fekk høve til å studere strategidokumentet og så kunne representantskapen avgjere saka seinare, seier han.

- Overreaksjon

At Selje Arbeidarparti ser ut til å miste minst ti personar, tykkjer ikkje fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva, noko om.

- Eg tykkjer det er ein overreaksjon å melde seg ut. Det er mykje betre å vere innan partiet, jobbe med å påverke og vere ein del sentralt og lokalt, og prøve å påverke politikken i si retning, seier han.