Hopp til innhold

- Øberg har dolka oss i ryggen

Lærdalsordføraren kjem med sterke skuldingar mot partikollega Clara Øberg.

Arne Sanden

KJEM MED STERKE SKULDINGAR: Lærdalsordføraren fyrer laus mot partikollega.

Foto: Håvard Holme

– Vi er dolka i ryggen av styreleiar Clara Øberg i Helse Førde i saka om framtida for Lærdal sjukehus.

Det seier ordførar Arne Sanden i Lærdal. Han skuldar også Øberg for å ha ein skjult agenda for å flytte sjukehustenestene frå Lærdal til Sogndal.

–Eg oppfattar det som eit svik mot samarbeidet i regionen, seier ein irritert Sanden.

Har Øberg ein skjult agenda?

Clara Øberg

FÅR KJEFT: Clara Øberg får kjeft av ordføraren i Lærdal.

Foto: NRK

I følgje Sogn Avis var det på regionsenterkonferansen i Sogndal tysdag at Sanden tok bladet frå munnen både mot Clara Øberg og mot dei andre styremedlemmene i Sogn Regionråd.

Sanden la vekt på at Lærdal kommune har 250 kompetansearbeidsplassar på sjukehuset. Han meiner dei er utruleg viktige ikkje berre for kommunen, men for heile regionen.

Han seier til avisa at det som har skjedd siste tida set heile regionsamarbeidet på spel. For ikkje berre vil Sogndal leggja ned sjukehuset i Lærdal, dei vil samla saman ruinane og byggja det oppatt i Sogndal.

Skjult agenda

Lærdalsordføraren meiner også det har vore ein skjult agenda for å få flytta sjukehustilbodet frå Lærdal til Sogndal, og at Øberg hadde vore den viktigaste medspelaren.

– Øberg er ikkje berre er styreleiar for Helse Førde, men ho er også helse- og sosialsjef i Sogndal og har ein viktig rolle Sogndal Arbeidarparti. Desse verva må Øberg også ivareta, meiner Sanden.

Synd at Lærdal har ein slik ordførar

Clara Øber kjem med eit krasst tilsvar til ordføraren i Lærdal.

–Det er jo veldig synd at ein ordførar vil senka seg ned på det nivået han har senka seg ned på. Men det er lite me kan gjere. Det er først og fremst eit problem for Lærdal som har den ordføraran dei har, seier Øberg til NRK.

Men Sanden seier du har hatt ein skult agenda?

– Nei, det har eg slettes ikkje hatt og visst Sanden meiner det må han snart komma og konkretisere det.