Ap i vest vil ha 20.000 kvoteflyktningar dei neste fire åra

Noreg bør ta imot minst 5000 kvoteflyktningar årleg, meiner Arbeidarpartiet i Vestland. Kravet kan blåse liv i ei betent sak på landsmøtet til partiet denne helga.

Lubna Jaffery

VIL AUKE: Byråd for arbeid, sosial og bustad i Bergen, Lubna Jaffery, meiner Noreg bør ta imot 5000 kvoteflyktningar i året.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Dette har Kommune-Noreg vist at dei er i stand til. Det er god plass i Noreg.

Det seier Lubna Jaffery (Ap), byråd for arbeid, sosial og bustad.

Ho vil at Noreg skal ta imot 5000 kvoteflyktningar i året.

– Noreg bør vareta dei internasjonale forpliktingane. FNs høgkommissær ber Noreg ta imot 5000, seier Jaffery.

Vestland Ap og Vestland AUF stiller seg bak kravet til Bergen Ap, som lokallaget har fremma fleire gonger tidlegare.

Arbeidarpartiet tek stilling til forslaget på sitt landsmøte denne veka.

Ethiopia Erasing an Ethnicity

FLYKTNINGKRISE: Over 80 millionar menneske er på flukt i verda, ifølge FN.

Foto: Nariman El-mofty / AP

Fekk kritikk for 10.000-vedtak

Spørsmålet om kvoteflyktningar har tidlegare vore vanskeleg for Ap.

Midt i flyktningstraumen i 2015 tok ein fersk partileiar Jonas Gahr Støre frå talarstolen på landsmøtet til orde for at Noreg burde ta imot 10.000 syriske flyktningar, 5000 både i 2015 og året etter.

Landsmøtet sa ja, men kritikken hagla. Etter dette har Ap moderert seg, og har for tida ingen minstekrav til kor mange kvoteflyktningar Noreg skal ta imot.

I det nye programutkastet heiter det at talet skal bli fastsett av regjeringa etter forhandlingar med kommunane. Det skal bli sett i samanheng med talet på asylinnreiser og familiegjenforeining.

Men Jaffery meiner det blir for slapt.

– Kommunane må bygge ned flyktningtenesta

Med låge tal på asylsøkarar for tida, meiner Jaffery det er på tide at Noreg aukar talet på kvoteflyktningar.

Bergensbyråden peikar på at denne gruppa flyktningar er dei aller mest sårbare og derfor treng vern.

Dessutan meinar ho at ei stabil minstegrense vil sikre forutsigbarheit og ein god mottakskapasitet i både små og store kommunar over tid.

– Vi har sett fleire stadar at kommunane må bygge ned flyktningtenesta si for så å bygge opp att når det blir eit år når mange kjem, seier byråden.

Ap-topp vil berre ha 500 fleire

Det står att å sjå om resten av Arbeidarpartiet er samd med dei i vest.

Masud Gharahkhani er Aps innvandringspolitiske talsperson og var leiar for partiets migrasjonsutval i 2019.

Han meiner dagens kurs har stor støtte i partiet, og at eit konkret tal på flyktningar må vurderast opp imot kva kommunane kan klare å integrere.

– I år er det eit rekordlågt tal på asylsøkarar, og vi følgde opp landsmøtepolitikken vår. Derfor har vi for 2021 foreslått å ta imot 500 fleire kvoteflyktningar enn det regjeringa har gjort, seier han til NRK.

Arbeiderpartiets migrasjonsutvalg.

INNVANDRINGSPOLITISK TALSPERSON: Masud Gharahkhani var leiar for Arbeidarpartiets migrasjonsutval i 2019.

Foto: Lise Åserud / NTB

Dagens regjering, med Høgre, Venstre og KrF, styrer på eit kompromiss med Frp om å ta imot 3000 kvoteflyktningar årleg.

Sjølv om Frp etter sin regjerings-exit i fjor vinter har sagt at partiet ønskjer å ta imot null kvoteflyktningar, fekk ikkje partiet forhandla ned talet i budsjettforhandlingane i fjor haust.

Raudgrønt sprik

Men det er ikkje berre på borgarleg side det er usemje. Det er òg uklart kor mange kvoteflyktningar som vil komme hit til landet viss det blir raudgrønt fleirtal i valet til hausten.

Dei neste vekene skal dei tre partia på raudgrøn side vedta nye partiprogram på kvar sine landsmøte.

Men verken hos Ap, SV eller Sp er det foreslått noko tal på kvoteflyktningar i utkasta til nye partiprogram.

I utgangspunktet vil SV gå lengst i å ha ein liberal asyl- og innvandringspolitikk. På Stortinget er SV på linje med Vestland Ap, og vil ha 5000 kvoteflyktningar. I tillegg vil dei evakuere 1000 asylsøkjarar frå Hellas.

Senterpartiet er tradisjonelt den mest restriktive på raudgrøn side i asyl- og innvandringspolitikken, men har i det siste lagt seg på talet til regjeringa: 3000 kvoteflyktningar.

Raudt vedtok i mars å gå frå 20.000 til 5000 kvoteflyktningar i året.