Mannen vart frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus i Bergen i natt, og klokka 07.00 torsdag morgon melder Helse Bergen at tilstanden til den skadde er alvorleg.
Ulukka skal ha skjedd litt før klokka 02.00, natt til torsdag på karbonanlegget til Hydro på Årdalstangen i Sogn og Fjordane.
Informasjonssjef Halvor Molland i Hydro seier det er snakk om ein klemskade, men at dei førebels ikkje kan seie noko om korleis ulukka skjedde.
Arbeidstilsynet er varsla om saka og vil ta turen innover for sjå kva som har skjedd i løpet av torsdagen.