Hopp til innhold

Arbeidsgjevar tiltalt etter at Timuray var døden nær etter dykk

Et arbeidsdykk i 2018 haldt på å enda fatalt for Timuray Näslund (38). Arbeidsgjevaren er no tiltalt for seks brot på arbeidsmiljøloven.

Timuray Näslund, på Haukeland universitetssjukehus.

OKSYGEN: Timuray Näslund var døden nær etter eit arbeidsdykk i Sunnhordland i 2018. No vil han ha vekk useriøse aktørar frå marknaden.

Foto: Privat

Ein oktoberdag i 2018 trudde Timuray Näslund (38) at livet var over.

Under arbeid med eit kaianlegg mista han kontakten med dykkarleiaren på overflata. Dermed mista han oversikta over kor lenge han hadde vore nede, og korleis han skulle gå opp.

Til NRK seier Näslund at han kjende det som om han vart «forlaten der nede».

Ved oppstigning frå dykk vert det danna små nitrogenbobler i blodet.

Går du opp for raskt, risikerer du trykkfallssjuke, som i verste fall kan føra til døden.

– I ettertid burde eg berre ha reist derifrå før jobben starta, seier Näslund.

– Eg hadde aldri sett føre meg at nokon kunne sjå slik på tryggleiken.

Går mot rettssak

No står eigaren av dykkarfirmaet tiltalt for seks brot på arbeidsmiljøloven. Saka skal opp i Haugaland og Sunnhordland tingrett i slutten av mars.

Ifølgje tiltalen har Vestland-firmaet ikkje hatt tilgang på oksygen på dykkarstaden, dei har ikkje gjort gode noko risikovurderingar, og ein maskinførar utan dykkarkompetanse var sett til passe på frå overflata.

Det var avisa Sunnhordland som først omtalte tiltalen.

– Eg har ingen kommentar til saka, seier Bente Hermansen, som forsvarar eigaren av firmaet.

Etter det NRK kjenner til driv firmaet ikkje lenger med dykking.

Timuray Näslund, ivrig på Insta

GLAD: Timuray Näslund likar å leggja ut bilete på Instagram. Han fortel at dykking er noko som han elskar å halda på med.

Foto: Oddmund Haugen/Privat

Merka at noko var gale

Med ein gong den svenske arbeidsdykkaren kom på land etter dykket merkte han at noko var gale.

– Eg gjekk i dusjen. Og då kom smertene i skuldrer og olboge. Det er vanskeleg å beskriva, men det gjer veldig, veldig vondt, seier han.

Frå arbeidet med kaien, gjekk turen med ambulanse til legevakt. På vegen vart han møtt av brannvesen, som stilte med oksygen.

Dette er viktig førstehjelp ved mistanke om trykkfallssjuke.

Frå legevakta gjekk turen i luftambulanse til Haukeland, der dei har trykkammer. Men før han kom til sjukehuset hadde situasjonen til Näslund betra seg såpass at han ikkje måtte i trykkammer.

– Eg er usikker på om dei fekk korrekt informasjon om dykket. I ettertid har eg fått høyra at dei hadde informasjon om eg var på ni meter. I realiteten var eg nede på meir enn 18 meter, seier han.

Timuray Näslund, svensk arbeidsddykkar.

GLAD: Den svenske 38-åringen har fått humøret tilbake etter dykkarulukka, men sleit lenge psykisk med å stola på at han fekk kontakt med overflata.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Fleire alvorlege avvik avdekka

I perioden 2016 til 2018 gjennomførte Arbeidstilsynet til saman 64 tilsyn i dykkarbransjen.

I heile 60 prosent av verksemdene var det avvik som i verste fall kan få fatale konsekvensar.

Det som gjekk att var manglar ved opplæring, øving og beredskapsplanar, naudprosedyrarar.

– Arbeidsdykking skil seg frå ein del andre yrke ved at konsekvensen ved sjølv små feil kan vera fatale, seier Lisbeth Tveit i Arbeidstilsynet.

Dei har høgt fokus på å heva tryggleiksnivået i næringa, og gje arbeidsdykkarane ein betre kvardag.

– Arbeidstilsynet sitt inntrykk er at mange dykkarverksemder har høgt fokus på tryggleik, men me erfarer også at mange verksemder ikkje følgjer regelverket, seier ho.

Sjekkar kven han skal jobba for

Politiadvokat Trygve Ritland, som har teke ut tiltalen og som skal vera aktor når rettssaka skal opp i Haugaland og Sunnhordland tingrett i mars, ynskjer ikkje å kommentera saka no.

Men på generelt grunnlag seier han at ulukker under dykking kan skje brått.

– Dei har stort farepotensial. Difor er dette også eit område me og Arbeidstilsynet har stort fokus på, seier han.

Timuray Näslund har dykka etter det som kunne ha enda ille i 2018. Men no er han mykje meir nøye med å sjekka kven han skal jobba for.

– No er eg mykje meir nøye med å sjekka at alt er i orden. Eg sjekkar mellom anna at alt av utstyr er på plass der me skal dykka, seier han.

Timuray Näslund

DYKKAR IGJEN: Timuray Näslund slutta ikkje å dykka etter ulukka i 2018, men er meir forsiktig no.

Foto: Privat