Hopp til innhold

Alfred (95) hadde budd på sjukeheimen i to timar – så måtte han ut

FYLLINGSDALEN (NRK): Røyrtabbe førte til at styrengass seiv inn på sjukeheimen i Bergen. 129 personar vart evakuert. – Eg fekk på meg eit munnbind, men rakk ikkje ta på skoa.

Alfred Lidsheim

NYINNFLYTTA: Alfred (95) hadde berre budd på sjukeheimen i to timar då han vart evakuert.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Entreprenørar leigd inn av Bergen kommune skulle onsdag rehabilitera eit røyr i avløpsanlegget til eit burettslag i Fyllingsdalen.

Då arbeidarane skulle herda ei polyesterforing gjorde dei ein tabbe.

Varm damp som inneheldt styrengass vart sleppt ut i ein kum som stod like ved ventilasjonsanlegget til Fyllingsdalen sykehjem.

– Vi lufta då denne dampen rett inn i ventilasjonsanlegget, så det var ein stor tabbe, seier Trym Trovik, prosjektleiar i Vass- og avløpsetaten i Bergen kommune.

Fyllingsdalen sykehjem

FIRE FEKK HELSEHJELP: Fire bebuarar ved Fyllingsdalen sjukeheim måtte få helsehjelp etter at styrengass seiv inn i sjukeheimen.

Foto: Bergen Foto og Media

Evakuert med tøflar og munnbind

Styrengass er ei giftig væske med sterk lukt. Inne på sjukeheimen merka dei raskt at lufta ikkje var slik den skulle vera.

Bebuar Alfred Lidsheim (95) hadde flytta inn på sjukeheimen få timar før han vart evakuert.

Han fekk ikkje eingong tid til å ta på seg sko.

– Eg var ikkje engsteleg, men eg var kald på føtene. Eg hadde berre på meg tøflar.

Han kjende så vidt lukta sjølv, men seier dei raskt fekk på seg munnbind mot gassen.

Store ressursar frå naudetatane rykka ut til sjukeheimen og Haukeland universitetssjukehus sette beredskap for å ta imot mange pasientar.

Jorun Annalis Hansen (85) kjende ikkje lukta sjølv. Ho har heller ikkje tatt skrekken etter gasslekkasjen.

– Eg fekk ein haug med dyner på meg, men eg vart kald. Det tok halvannan time før eg fekk varmen i meg.

Jorun Annalis Hansen

INGEN FEKK PANIKK: Jorun (85) fortel at dei ikkje skjønte kva som hendte i starten, men at ingen fekk panikk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Ingen fekk panikk

Avdelingsleiar ved sjukeheimen, Hanne Gillesvik Jakobsen, seier lukta var intens og minna om plastikk eller lim. Brannvesenet vart tilkalla og 129 personar vart så raskt som råd evakuert.

– Ingen av pasientane fekk panikk, men dei tykte det var kaldt. Dei skjønte ikkje kvifor dei måtte ut, seier Jakobsen.

Tre personar vart sendt til legevakt og ein person til sjukehus for ein sjekk etter hendinga. Alle dei andre kunne returnera til romma sine.

Kummen og luftinntaket på Fyllingsdalen sykehjem

TABBEN: Gassen seiv ut av kommen og inn i luftinntaket til sjukeheimen på veggen bak. Avdelingsleiar Hanne Gillesvik Jakobsen seier dei fekk i gang evakueringa raskt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Politiet har oppretta sak

Trym Trovik i Bergen kommune er glad for at bebuarane på sjukeheimen blei evakuert tidleg.

– Heldigvis gjekk det bra denne gongen. Det var mange tilsette på jobb og brann og politi var raskt på staden. Det førte til at det gjekk bra.

Kommunen ventar no på ein rapport frå entreprenøren som utførte arbeidet.

Politioverbetjent Svein Føllesdal ved Bergen vest politistasjon seier politiet har oppretta sak, men at det for tidleg å seie om dei kjem til å straffeforfølgja tabben som førte til gasslekkasjen.