Hopp til innhold

Bilen til Aleksander var snøfast – måtte springe 24 km til jobb

Då bilen ikkje ville rikke seg måtte Aleksander ta beina fatt for å kome seg på jobb. Dei neste dagane skal det halde fram med å lave ned.

Aleksander jogga på jobb då bilen stod fast

SNØFAST BIL: Aleksander Blålid fekk unnagjort drygt to mil då han måtte springe frå Flatraket til Måløy på jobb i dag tidleg.

Foto: Privat

Måndag kom snøen til Flatraket i Stad kommune. Om lag 40 centimeter nysnø dekka bygda, og bilen til Aleksander Blålid var ikkje råd å få ut.

– Eg kom meg ikkje av flekken, fortel Blålid, som er overstyrmann på ferje.

Då hadde han ikkje anna val enn å ta beina fatt, og springe til jobb i Måløy – vel to mil unna.

Med broddar og ryggsekk sette han kurs mot kysten. Då NRK møtte han var halvparten av dei 24 kilometerane unnagjort.

– Eg spring litt på hobbybasis, men dette er ikkje noko eg gjer ofte. No må eg springe vidare for å rekke fram i tide, sa han.

Innesnødd bil

INNESNØDD: Då Aleksander Blålid skulle på jobb måndag stod bilen fast.

Foto: Privat

Kaos på vegane

Natt til måndag meldte politiet om ei rekkje ulykker på vegane. Nokre stader var det berre få meter med sikt.

– Brøytesjåførane rapporterer om sikt på berre nokre få meter på grunn av kraftige snøbyer, og seier at dei ikkje klarer å halde standarden på riks- og fylkesvegar i Nordfjord, sa trafikkoperatør John Andreas Omdal måndag morgon.

Inst i Moldefjorden i Selje låg ein brøytebil på vel 24 tonn i grøfta måndag ettermiddag.

– Eg hamna utfor asfaltkanten på ein smal veg, og hadde ikkje sjanse å komme meg inn igjen på vegen, fortel brøytebilsjåfør Hans-Ole Drage i Stad Maskin.

I dag har oppdraga stått i kø. Politiet ber dei som ferdast i trafikken om å køyre etter forholda.

– Det har vore mykje laus snø og veldig glatt. No skal vi få oss litt søvn før det er på an igjen, seier han.

Brøytebil i grøfta

STOR JOBB: Brøytebilane har hatt krevjande arbeidsforhold i dag. Hans-Ole Drage og brøytebilen enda i grøfta.

Foto: Harald Kolseth
Laster Twitter-innhold

Skal lave ned

Men føret forsvinn ikkje med det første. Snøen er komen for å bli, i alle fall ei stund.

– Tysdag morgon er det eit lågtrykk som sørgar for snøbyer frå morgon til kveld i Sogn og Fjordane, særleg i Nordfjord. I løpet av dagen vil det kome 10–20 centimeter snø, seier statsmeteorolog Ingrid Halland Soldal.

Det er også sendt ut farevarsel om betydeleg skredfare i fleire fjellområde.

– Akkurat no anbefaler vi at folk ikkje bevegar seg i snøskredterreng. Det er svært lett å løyse ut snøskred no, seier Jostein Aasen, snøskredvarslar i NVE.

Jostein Aasen i istunnelen i Ringsdalen

SKJØR: Jostein Aasen er snøskredvarslar i NVE og tilrår å halde seg unna område med høg skredfare. – Dette gjeld ikkje berre for Sogn og Fjordane, men også for store delar av Sør-Noreg, seier han.

Foto: Even Lusæter / NRK

Fram mot onsdag ventar endå meir snø.

– Men deretter blir det fint fram til helga med kalde temperaturar, lite vind og klarvêr. Så då kan ein kose seg med den snøen som er komen, seier ho.

Laster Twitter-innhold