Hopp til innhold

650 står på venteliste for å bli sjukepleiarar

Med over 2.000 studentar på venteliste held Høgskulen i Sogn og Fjordane fram den gode utviklinga. Spesielt sjukepleieutdanninga i Førde har opplevd ein veldig auke i søkjarar.

Arnstein Menes

REKORD: – Det er ein attraktiv høgskule med ein svært positiv rekrutteringssituasjon som no fusjonerer med Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund» seier opptaksleiar Arnstein Menes om opptakstala til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det har vore overraskande stor pågang for å komme inn på sjukepleieutdanninga. Vi satsar på å ta inn 85 studentar i haust, men har framleis 650 studentar på venteliste, seier opptaksleiar Arnstein Menes ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dekan for avdeling ved helsefag, Randi Skår, trur eit godt rykte er ein viktig del av forklaringa på at sjukepleieutdanninga i Førde er så populær.

– Vi har gode praksisplassar med tett kontakt med sjukehuset og kommunane. Studentane merkar når dei får god oppfølging i prakis. Det er slikt som spreier seg mellom studentane og potensielle søkjarar, seier ho.

Over dobling

I dag blei det nasjonale opptaket til høgare utdanning kunngjort, og HiSF gir beskjed til kring 900 studentar at dei blir tekne opp. Medan ventelista i fjor talde 1.300 namn, har den i år auka til 2.119.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

VENTELISTE: Ventelista ved sjukepleieutdanninga i Førde har vakse frå 1.300 til 2.119 i 2016.

Foto: NRK

Barnevern, sosialt arbeid, vernepleie og eigedomsmekling har mange som ventar på studieplass. Lengst er ventelista ved sjukepleiestudiane i Førde. I fjor stor 250 på ventelista. I år er den auka med 60 prosent.

– Dei har drive godt dei som har styrt utdanninga over tid. Dei har levert gode resultat og studiebarometeret og andre undersøkingar vi gjer viser at studentane er veldig nøgde med studiane, seier opptaksleiar Arnstein Menes.

Ventar fulle studiar

Høgskulen merkar også stor pågang på sosialarbeidarutdanninga og nokre av økonomiutdanningane.

– Vi har lagt ut nokre få studiar som har ledig studieplassar som folk kan søke på frå i morgon, men vi reknar med å fylle opp dei fleste studiar når vi kjem til studiestart, seier Menes.

Han nemner både grunnskulelærar 1–7 og årsstudium som historie og naturfag.

– Når det gjeld lærarutdanninga veit vi at kravet om karakteren fire i matematikk gjer at mange potensielle søkjarar ikkje kjem inn der. Samstundes har vi over 80 som får tilbod om grunnskuleutdanninga 5-10, seier han.

Positivt for skulen

Terje Bjelle, viserektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

VISEREKTOR: Terje Bjelle er godt nøgd med situasjonen for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Hisf.no

Viserektor for utdanning, Terje Bjelle, er stornøgd med ei rekordstor venteliste. Det betyr auka kvalitet på studentane og fulle studiar.

No som høgskulen fusjonerer med Bergen og Stord/Haugesund er det viktig å sikre at studentar framleis vil og blir utdanna i Sogn og Fjordane.

– For høgskulen er god rekruttering både viktig og gledeleg, men samstundes er det trasig for dei som ikkje når opp i konkurransen, seier han.

Vil forske på klima

Viserektoren trekkjer også fram god rekruttering til den nye byggingeniørutdanninga, og at høgskulen har gitt mange tilbod om studieplass til grunnskulelærarutdanning.

– Med tanke på omlegging til femårig masterstudium for lærarar, er god rekruttering svært viktig for at me skal halda posisjonen som ein attraktiv stad for utdanning av lærarar, seier Bjelle.

Når det gjeld lokale opptak er pågangen til masterstudia god. Det nyetablerte masterprogrammet Climate Change Management ser ut til å få ein god start. Av 62 søkjarar til 20 studieplassar, er ti internasjonale studentar.

Master i organisasjon og leiing og master i idrettsvitskap er og populære, og er utdanningar som over tid har hatt god rekruttering.