Hopp til innhold

Fretland vippa til eit ja til høgskulefusjon

SOGNDAL (NRK): Eit splitta høgskulestyre seier ja til Høgskulen på Vestlandet. – Eg har det litt ilt, seier Jan Olav Fretland etter eit høgdramatisk og historisk fusjonsmøte.

Jan Olav Fretland

GAMLEREKTOREN AVGJORDE: Med Jan Olav Fretland si røyst sa seks i høgskulestyret ja til ein fusjon med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund medan fem røysta nei.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er litt tom. Dette har vore ein frykteleg lang og krevjande prosess. Eg ser det på styremedlemmene og dei tilsette. Me går ikkje ut og feirar no, seier ein utmatta styreleiar Trond Ueland etter det historiske fusjonsvedtaket.

Etter eit dramatisk styremøte i Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) røysta seks styrerepresentantar for ei samanslåing med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund, medan fem røysta mot.

– Sjølvsagt er eg glad for at me fekk dette vedtaket. Det var veldig viktig, seier Ueland, som sjølv argumenterte sterkt for fusjon i styremøtet.

Fretland i sentrum

Utfallet var heilt uvisst før styremøtet starta. I dagane før hadde det sigla opp ein strid mellom samskipnadane på Vestlandet, som hadde kraft i seg til å velta heile samanslåinga.

Men om opptakten til fusjonsmøtet var konfliktfylt, blei ikkje diskusjonane i styret mindre dramatiske.

Høgskulevedtak

HISTORISK VEDTAK: Etter ein tre timar lang diskusjon sa høgskulestyret i Sogn og Fjordane ja til bli ein del av Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Éin etter éin kunngjorde styrerepresentantane standpunktet sitt, og då ti av elleve hadde sagt sitt, var fem for og fem mot fusjon. Alle venta på den 11. styrerepresentanten, Jan Olav Fretland, som til då hadde vore taus.

– Eg var veldig spent. Eg visste ikkje om han ville landa på det eine eller det andre, seier Ueland etter møtet.

Då Fretland tok ordet, kom konklusjonen hans på nesten caesarsk og sponheimsk tredjepersons-vis:

– Det er ikkje så lett å vera Fretland: Eg hallar mot eit ja, men ser det som umogleg å vera med på å vippa til ja, når fem høgskuleinterne styrerepresentantar seier nei. Då viser eg ikkje dei den respekten dei fortener, sa den tidlegare høgskulerektoren.

«Respekt!»

Etter at Fretland hadde kunngjort dette, bad han om eit gruppemøte saman med dei andre tilsette- og studentrepresentantane i styret. Etter ein halvtimes diskusjon bak lukka dører orienterte Fretland styret om følgjande:

– I gruppemøtet har det kome fram mykje meir tvil enn kva diskusjonen i styremøtet har vist. Det har gitt meg fullmakt til å seia ja til fusjon, fortalde Fretland.

Dermed var konklusjonen klar: Eit knapt fleirtal seier ja til å bli ein del av Høgskulen på Vestlandet.

– Eg har det litt ilt, seier Fretland etter styremøtet:

– Men samstundes var det eit reelt fleirtal i styret for fusjon, og då er det greitt at gamalt folk tek belastninga, legg han til.

– Kva reaksjonar forventar du frå dine eigne kollegaer i Sogndal, der fusjonsmotstanden er sterk?

– Eg har fått nokre tekstmeldingar allereie. Nokre kjeftar, medan ordføraren i Førde (Olve Grotle, journ.merk.) har sendt ein sms, der det står «Respekt!». Men den kjeften og det skrytet eg får, legg eg ikkje så stor vekt på.

Oddmund Hoel og demonstrerande studentar

PROTESTANE NYTTA IKKJE: Studentane og styrerepresentant Oddmund Hoel har argumentert sterkast mot ein høgskulefusjon. Her er dei samla før styremøtet starta og før nederlaget var eit faktum.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Trist for studentane

Vedtaket inneber at høgskulestyret går mot studentviljen. Ei handfull studentar hadde då også møtt opp med plakatar med ymse anti-fusjons-bodskapar før styremøtet.

Etter at vedtaket var klart, hadde studentparlamentleiar Ingrid Moe Albrigtsen, som har vore ein av dei sterkaste talspersonane mot fusjon, lagt protestropa vekk og stilt seg opp ved utgangen av møterommet for å dela ut ei rose til kvart av styremedlemmene.

– Eg er trist på studentane sine vegner, som ikkje er blitt lytta til av leiinga, seier ein prega studentparlamentsleiar:

– Dagen har vore kjensleladd. Det kjennest ut som å ha vore oppe til eksamen. Men no må me bretta opp ermane og jobba for at studentane våre skal få det best mogleg i den nye Høgskulen på Vestlandet.