Hopp til innhold

La 1,2 millionar på bordet til nytt studium

Det planlagte ingeniørstudiet i bygg og anlegg i Førde har mangla finansiering for å kunne bli sett i gang. Men no har entreprenørbransjen lagt 1,2 millionar kroner på bordet.

Arkivfoto byggeplass

FINANSIERT: No har næringslivet bidrege med det som mangla, så til hausten blir det studiestart for ingeniørstudentar i Førde.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

Maskinentrepenørenes Forbund meiner sjølve dei er avhengige av høgt utdanna ingeniørar, og har derfor valt å støtte det nye bygg- og anleggstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Det betyr at studiet no har den finansieringa det treng for å komme i gang til hausten.

– Entreprenørbransjen er stadig i endring. Vi treng ingeniørar som betre kan forstå byggherrane, seier Harald Kvame, som er fylkesleiar i Maskinentrepenørenes Forbund.

Det er meininga at det skal vere eit spleiselag mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Bergen og næringslivet, der målet er eit bygg- og anleggstudiUM som er spesielt for Sogn og Fjordane.

Har gått fort

Maskinentrepenørenes Forbund støtta først forprosjektet til studiet, med 100 000 kroner, før dei no har løyvd 1,2 millionar kroner til sjølve studiet.

Linn Grepstad Nes er prosjektleiar for studiet, og kan no konstatere at finansieringa er i boks. Ho inrømmer at det har gått fort.

– Det gjekk litt fort, men vi nyt godt av fag som alt er der, slik som matematikk. Og Høgskulen i Bergen er inne med lang erfaring i bygg og anlegg, så det har ikkje vore vanskeleg å få opp studiet, seier ho.

Stor interesse

Høgskulen har blitt kontakta av både studentar og selskap som vil vite meir. Prosjektleiar Grepstad Nes trur at ei anna næring påverkar interessa.

– Det har vore nedgang i oljebransjen, og då er et berre å hive seg rundt. Det er i slike tider det er lurt å ta utdanning, seier Grepstad Nes.

No i sommar tilbyr høgskulen sommarskule for dei som manglar kompetansen som krevst for å kunne byrje til hausten.

Ventar at staten følger opp

Harald Kvame i Maskinentrepenørenes Forbund meiner at det ikkje er næringslivet si oppgåve å finansiere slike studium, men at det var naudsynt å sikre start i år. Han trur staten vil følge opp når det først har kome igang.

– Når det er så høge søkartal som det er no, trur eg at det vil vere lik, statleg finansiering i 2019, seier Kvame.

Det er i 2019 at studiet eventuelt skal vidareførast.