Hopp til innhold

Akuttmottaket nærmar seg sprengt kapasitet

FØRDE (NRK): Medan talet på pasientar ved Førde sentralsjukehus har auka kraftig, har lite blitt gjort for å gi akuttmottaket meir plass.

Akuttmottak Førde sentralsjukehus

ORIENTERTE STYRET: Avdelingssjef Trine Vingsnes (til høgre) og sjukepleiar Anita Dvergsdal orienterte styret i Helse Førde om utfordringar og potensiale for forbetring ved akuttmottaket.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Førde sentralsjukehus fekk laga til sitt akuttmottak i 1979. Snart 40 år seinare er akuttmottaket det same, fortel avdelingssjef Trine Vingsnes ved medisinsk avdeling i Helse Førde.

– I takt med at sjukehuset har vekse og utvikla seg, har vi fått mykje større pasientstraum no enn vi hadde for 10–20 år sidan. Så vi når i taket etter kvart no på kva vi har plass til av vidare vekst.

Klarar ikkje møte eigne mål

Trine Vingsnes

IKKJE NØGD: Situasjonen er forsvarleg, lovar avdelingssjef Trine Vingsnes, men ho er ikkje nøgd.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Vingsnes meiner modernisering og utbygging er avgjerande for at mottaket kan levere gode tenester også i framtida.

– På dei travlaste tidspunkta på dagen skulle vi gjerne hatt meir plass, men også meir plass som er laga til etter moderne mottaksdrift. Vi gjer ting på ein anna måte enn då dette sjukehuset vart bygd, så det er nye behov som kjem til i takt med at det utviklar seg, seier ho.

Men arealet er berre ei av fleire utfordringar akuttmottaket har. Tida pasientar blir liggande på mottak, som tidlegare gjekk ned, er på veg opp igjen. I tillegg klarar dei ikkje å møte sin eigne tidskrav til legerespons på dei nest mest alvorlege tilfella.

Men det er uansett trygt å komme til akuttmottaket, forsikrar Vingsnes.

– Det er trygt og det er forsvarleg, men vi er ikkje nøgde, så vi er nøydde til å ta nye gjennomgangar på dette, seier ho.

Akuttmottak Førde sentralsjukehus

FOR LITE: Akuttmottaket har snart vekse seg ut av lokala.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Første løysing i 2017

Den første løysinga når det gjeld plass kjem først i 2017. Då skal sjukehuset få nytt bygg, og legevakta som i dag delar lokale med mottaket, flyttar og overlèt sine noverande lokale til mottaket. På sikt har sjukehuset planar om å ruste opp det eksisterande sjukehusbygget.

– Vi er fullt klare over at det her er for lite areal og dei har ikkje dei moglegheitene til å drive så effektivt og gi det tilbodet som dei skulle ønskje, seier styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad.

Sjukehuset har planar om å byggje ut for 1,5 milliardar kroner.

– No har vi alt søkt departementet om midlar til å starte utbygging og der vil det med akuttmottaket kome inn også. Slik at ein ser på korleis ein skal modernisere akuttmottaket slik at det blir etter dagens standard, slik det bør vere, seier Ringstad.

Tek tak i utfordringane

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad

BETRING PÅ VEG: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad og styreleiar Jorunn Ringstad, er fullt klare over utfordringane på akuttmottaket og lovar betring.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ved sidan av desse planane lovar administrerande direktør Jon Bolstad å stadig jobbe for å bli betre, og meiner interne målingar mogleggjer dette.

– Vi ser at vi på nokre område ikkje er der vi ønskjer, og då er det klart at organisasjonen må jobbe for å nå dei måla.

For Vingsnes er den planlagde utbygginga heilt avgjerande,

– Skal vi henge med som moderne sjukehus, så er det kjempeviktig.