I går fekk fire personar i Ålesund påvist svineinfluensa, og på landsbasis har 924 blitt smitta så langt i vinter.
Overlege for mikrobiologisk avdeling i Helse Førde, Reidar Hjetland, seier at det ikkje er grunn til uro. Svineinfluensa i dag er eit vanleg influensavirus, seier han.
– Langt mindre farleg no
I 2009 frykta ein eit stort svineinfluensautbrot, og styresmaktene gjennomførte massevaksinasjonar. Men sidan det har svineinfluensaen etablert seg som eit vanleg influensavirus, og er langt mindre farleg no.
– No er store delar av befolkningen blitt immun mot svineinfluensa. Mange vart vaksinerte, då difor spreier det seg ikkje så lett, og det blir ikkje så stort utbrot.
- Les også:
- Les også:
På isloat
I Ålesund hamna dei smitta på isolat, men Hjetland fortel at isolering er vanleg prosedyre ved influensasmitte.
– Det gjeld alle typar influensa. For dette smittar. På sjukehus er det mange pasientar som er der av andre årsaker, og då vil vi gjere smitteverntiltak for å hindre at det blir smitte inne på sjukehuset.