Hopp til innhold

Aksjen bykser til vêrs

Nordic Mining-aksjen bykser til vêrs etter at regjeringa gav gruve-ja. Lokal storaksjonær har tent hundretusenvis på få timar.

John Helge Lunde

VERDIAUKE: Trass gevinst, John Helge Lunde hadde ikkje eingong sjekka kursen då NRK kontakta han i føremiddag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Aksjonærane som ved børsstogg i går hadde aksjar i Nordic mining har i løpet av dagen i dag vore med på ein kraftig kursoppgang. Frå å vere verdt 92 øre i går, har aksjen vore oppe i heile 1 kroner og 90 øre i dag.

Etter kvart utover dagen har kursen stabilisert seg på kring 1,50 per aksje, ein auke på vel 60 prosent.

Lenge har det vore venta at styresmaktene ville ta avgjerd om Engebø-prosjektet, for dei som eig aksjar ville eit nei vere dårleg nytt. Når det i dag blei eit ja vart det tilsvarande med pengar i kassen.

John Helge Lunde frå Førde er den største aksjeeigaren frå Sogn og Fjordane i Nordic Mining, med 1,2 millionar aksjar. I 12-tida hadde verdien på eigarposten auka med vel 600 000 kroner samanlikna med gårsdagen.

Hadde ikkje eingong sjekka kursen, då NRK tok kontakt

– Kursen opptek meg veldig lite. Det som er det grunnleggande i saka er at Sogn og Fjordane har ein ting å basere framtida si på, og det er naturressursane. Dei negative miljøkonsekvensane er små i denne saka, om vi hadde fått nei til Engebø, hadde det betydd meir enn berre arbeidsplassane. Det ville betydd at vi ikkje kunne kapitalisere på alle naturressursar i Sogn og Fjordane.

Utviklinga til Nordic Mining

BYKS: Aksjane til Nordic Mining starta måndag på 91 øre, men låg stabilt på 92 øre fram til vedtaket fredag morgon. Grafen over viser utviklinga fredag.

Foto: Printscreen / Oslo Børs

NRK har sett lista over aksjonærar i fylket ved børsstogg i går. Ein rekkje personar kan vere godt nøgde med dagen i dag, men Lunde meiner nyhenda om Engebø fyrst og fremst er bra for regionen.

Lunde som er medeigar i entreprenørselskapet Gravdalgruppa, trur det viktigaste for han forretningsmessig blir ringverknadane ein får gjennom den veksten og utviklinga eit gruveprosjekt vil skape i fylket.

– Dette er ein fantastisk dag for Sogn og Fjordane. I motsetnad til mykje anna sentralisering om dagen, er dette jobbar det er umogleg å flytte ut av fylket.

– Krevjande ventetid

For eigarane i Nordic mining har åtte år med venting på avgjerda vore ei tolmodsprøve. Nordic mining har fleire gonger henta inn ekstra kapital for å halde det gåande. Selskapet har per i dag få tilsette, og nesten ingen inntekter, og har tapt samla nær 250 millionar sidan 2006.

– Det seier seg sølv at åtte år med prosessar for eit selskap som er eit utviklingsselskap er veldig krevjande. Hadde det ikkje vore for aksjonærar som hadde vore viljuge til å stille opp så hadde vi ikkje fått dette fantastiske vedtaket, nokon måtte finansiere prosessane.

Har du rekna på kva du får att for aksjane dine?

– For meg personleg kunne eg nok seld med gevinst i dag, det er det ikkje tvil om.

Lunde har ikkje tatt stilling til om han blir med som eigar i selskapet vidare.