Hopp til innhold

«Ingen kunne vere førebudde på dette no»

Like før det braut laus store kampar i Sør-Sudan, reiste hjelpearbeidar Åge Bøyum i Røde Kors til Uganda. No ventar han uroleg på at kollegaene skal komme seg dit dei også.

South Sudan, May 2016

MÅ TREKKE SEG UT: Dei hissige kampane i Sør-Sudan sin hovudstad Juba tvingar både sivile og hjelpemannskap ut av byen.

Foto: Røde Kors/Olav A. Saltbones

Det er meldt om fleire hundre drepne i løpet av kampane som starta i hovudstaden Juba fredag. Åge Bøyum i ICRC (det internasjonale Røde Kors), som er frå Lærdal, fortel om ei enorm eskalering av konflikten.

Åge Bøyum i Uganda

UROA: Åge Bøyum var no den einaste nordmannen frå Røde Kors. No ventar han i Uganda på at kollegaene skal få kome dit.

Foto: Privat

– Det har vore pågåande kampar nesten kontinuerleg heilt sidan fredag. Før det har det vore relativt roleg i Juba, men no slo det altså til med nye kampar, seier Bøyum.

Ventar i Uganda

Bøyum (57) hadde fri i helga og reiste til Entebbe i Uganda dagen før kampane tok til. No kjem han seg ikkje tilbake til Sør-Sudan. Der ventar han på at kollegaer skal kunne komme seg over grensa.

– Alle flyavgangar inn til Juba er innstilt førebels, men det er eit håp om at det kjem klarering så vi får ut personale i dag, på same måte som FN har sagt at dei vil.

ICRC har over 100 tilsette i Sør-Sudan, og dette er ein av deira største operasjonar. Bøyum var den einaste frå Norge som var i landet rett før kampane starta. Den andre norske frå delegasjonen er heime på ferie.

Politi og soldater i Sør-Sudans hovedstad Juba

AUKANDE KONFLIKT: Kampane mellom styrker som er lojale overfor presidenten og opprørarar som støttar visepresidenten starta no i helga.

Foto: STRINGER / Reuters

Organisasjonen jobbar no for fullt med å evakuere dei fleste tilsette i Juba. Bøyum er uroa for kollegaer som framleis er der, ikkje minst dei lokale som dei ikkje har høyrt noko frå.

– Det er ei stor belastning, men det er noko vi er blitt vande med i denne bransjen. Det er ikkje ein vanleg A4-jobb. Men ingen kunne vere budde på dette no. Det har vore mange, mange rolege veker, men ting kan skje. Det er eit konfliktfylt land som er vanskeleg å jobbe i.

Uroa for sivilbefolkninga

Også Leger Uten Grenser er i ferd med å flytte dei fleste av sine tilsette ut frå Juba, men førebels blir dei ikkje evakuerte ut av landet.

– Vi held fram med dei mest avgjerande funksjonane i Juba. Akkurat no vurderer vi situasjonen som ustabil og kritisk, men likevel trygg nok til at vi ikkje treng å evakuere ut av landet, seier kommunikasjonssjef Nils Mørk.

South Sudan, May 2016

STOR NAUD: Krigen og konfliktane etter har ført svært mange menneske på flukt i Sør-Sudan. No fryktar dei at ein ny krig står på trappene.

Foto: Røde Kors/Olav A. Saltbones

No ser dei eit verkeleg stort behov for å hjelpe sivilbefolkninga.

– Vi begynner å bli uroa for tilgangen til mat, vatn og medisin, seier Mørk.

Når Bøyum og andre som er reist ut av landet kan komme tilbake til Sør-Sudan er akkurat no veldig usikkert.

– Det har vore våpenkvile sidan i går kveld, nesten heile tida, men det er eit uføreseieleg land. Vi klarar ikkje heilt å sjå når vi kan komme tilbake, men det er sjølvsagt det som er vårt mål på lengre sikt.