– Eg vart smigra av å få spørsmålet om å vere ungdomsrepresentant. Fleire gonger har eg vore deltakar på UKM. Eg skjønar difor godt at deltakarane var nervøse. Det er både skummelt og spennande å delta.
Til dagleg bur Annika Beinnes i Bergen, men kjem frå Vadheim. Ho synest det er bra at festivalen er lagt til området ho kjem frå.
– Det beste med festivalen er at den er i Høyanger! Eg har merka at UKM har vore litt ukult i det siste. Dette går jo veldig i kurvar. No trur eg mange i området får opna opp auga for kor bra dette er for ungdommen.
Ho legg til at som ungdomsrepresentant er det viktig å ha eit ope sinn og passe på at nye ting vert trekt fram.
PÅ MØTE: Annika Beinnes på fagpanelmøte.
Foto: Wibeke Bruland / NRKKrevjande å vere med i fagpanelet
Beinnes sat i panelet saman med artisten Line Dybedal, dramatikar/regissør Miriam Prestøy Lie, dansaren Jonas Øren og Dora David som driv med klassisk musikk. Det er dei som bestem kven som vert sende vidare.
– I fagpanelet har vi vore ueinige. Det har vore mykje diskusjonar, men vi vert einige til slutt, seier Beinnes.
Før førestillingane starta hadde panelet møte.
– Der snakka vi om kva innslag vi skal sjå. Etterpå var vi på konserten. Der skreiv eg ned kva eg synast om innslaga og kven vi burde ha vidare. Rett etter konserten tok eg med notata til fagpanelmøte.
– Det var mykje å tenke på. For vi skal sende vidare ein miks av deltakarar.
ER MED Å AVGJER: På fagpanelmøtet skal dei avgjere kven som vert sende vidare. Frå venstre: Miriam Prestøy Lie, Dora David, Annika Beinnes og Line Dybedal.
Foto: Wibeke bruland / NRKVeldig flinke folk
– Eg er glad for at eg ikkje hadde jobben aleine. Deltakarane er veldig flinke!
Det er ein del ting å tenke på med omsyn til kven som vert sende vidare til landsfestivalen.
– Vi såg etter dei som er nyskapande og om dei har vore med mange gonger. Då må nokon andre få sjansen. Dessutan spelar alder inn.
Ho fortel at mange flinke ikkje går vidare fordi dei ikkje er gamle nok.
– Dei som vert sende vidare må takle utfordringane. Landsmønstring er krevjande. Mange flinke går ikkje vidare fordi dei er litt for unge.
FLINKE DELTAKARAR: Annika Beinnes synast at dei som står på scena har vore flinke. Det er ingen lett jobb å velje ut kven som skal bli sende vidare frå fylke.
Foto: Wibeke Bruland / NRKHeng med i tida
– UKM er jo både på Snapchat, Instagram og alt det der med hashtag. No føl dei med på kva som er nytt og det som skjer. UKM held tritt med verda.
Ho legg til at ho elskar UKM.
– Berre hashtag meg på at eg elskar UKM!