Hopp til innhold

Slik bur deltakarane under UKM

HØYANGER (NRK): Med 259 deltakarar krev det god logistikk også når det gjeld overnatting. På Høyanger skule bur deltakarar på klasse- og grupperom over 3 etasjar.

Synnøve Skjærli Anne-Bjørg Dombestein, Synnøve Skjærli og Cathrine Helen Ravnøy Ulvnes

GLER SEG TIL Å FÅ PAKKA UT: Anne-Bjørg Dombestein, Synnøve Skjærli og Cathrine Helen Ravnøy Ulvnes.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Dei tre jentene Synnøve Skjærli, Anne-Bjørg Dombestein og Cathrine Helen Ravnøy Ulvnes har akkurat fått vite av arrangørane, rett innanfor inngangen til Høyanger skule, kvar dei skal bu.

Dei går med tunge steg opp trappa til 2. etasje og kjem til siste trinn. Der vert døra til ein rosa korridor opna. Fleire som alt har sjekka inn passerer dei. Delar av bagasjen vert nærast slept etter golvet.

Dei går bort over korridoren til dei kjem til ei dør det heng ein lapp med påskrifta «Førde/Naustdal» på. Straks dei er inne vert bagasjen slengt på golvet.

– Eg trur dette er eit grupperom, seier Ulvnes.

Slik bur deltakarane under UKM i Høyanger.

SJÅ VIDEO: Her skal dei bu dei neste dagane. Berre dei får blåst opp madrassane...

– Koseleg

På veggen heng ei grøn tavle der nokon skribla blant anna «Kos dåkke» med kvit krit, der er ein vask, papirhaldar og ei bokhylle med bøker.

– Eg trur dette skal bli veldig koseleg. Så lenge her er stikkontakt så eg får lys på mobilen er eg fornøgd. Vi får sikkert ikkje sove så mykje uansett, seier Dombestein.

Dei to andre er i ferd med å dra ut oppblåsbare madrassar. Skjærsli har ei grøn madrass som må pumpast manuelt. Ho set i gang med noko som ser ut som hjarte- og lungeredning.

Pakkar ut

PAKKAR UT: Synnøve Skjærli ser etter madrassen si.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Eg har kjøpt ny madrass, men den skal nyttast igjen i samband med 4H, seier ho og tek til å bruke foten til å pumpe med.

– Vi har ikkje så mykje tid til oss å pakke ut på, seier Dombestein.

Ulvnes pakkar ut ei blå madrass som har elektrisk pumpe. Ho stikk kontakta i veggen. Det begynner å dure.

Ikkje i same gruppe

– Vi er alle tre individuelle deltakarar, seier Dombestein.

Ho skal framføre ein eigenkomponert song og spele gitar. Skjærli skal også delta med eit musikkinnslag.

– Eg har kome vidare med ei teikning, seier Ulvnes.

Cathrine Helen Ravnøy Ulvnes

TEIKNING AV GATEHUND: Cathrine Helen Ravnøy Ulvnes og teikninga ho stiller ut i bakgrunnen.

Jentene har store forventningar til helga og trur det kjem til å bli artig.

– Det spelar eigentleg ikkje nokon rolle om eg kjem vidare eller ikkje, det er eit høgdepunkt berre det å vere her, seier Dombestein.

Dei to andre jentene seier seg einige i det.