Hopp til innhold

«Dødsfelle» på toppen av ikonisk fjell vekker uro

Kommunen skal vurdere tiltak etter varsel om at fjellsprekk på toppen av Europas høgste sjøklippe kan vere «ei dødsfelle».

Hornelen

STOR FARE: Her er fjellsprekken fotografert 18. mai.

Foto: SVENN PETTER KJERPESET

I sommar opna den spektakulære klatrestien til toppen av Hornelen i Bremanger.

På toppen av fjellplatået ligg ein fjellsprekk. Seinast i 2018 omkom ei kvinne etter å ha falle ned i denne.

I eit varsel til Statsforvalteren vert sprekken karakterisert som ei «klar dødsfelle».

Varselet er signert Terje Muri Knausgård, som til vanleg er lege ved Redningshelikopteret i Florø.

Han peiker på at sprekka er vanskelegare å få auge på når du er på veg ned enn på veg oppover.

«Etter å ha klatret en spektakulær Via Ferrata, er det ikke annet å forvente enn at selv garvede klatrere har «senket guarden» før de skal ta en rolig fottur ned igjen», skriv han i varselet.

Hornelen vert rekna som Nord-Europas høgste sjøklippe, og utbygginga har vore omstridd.

Same område har vore foreslått som ny nasjonalpark, men Muri Knausgård er positiv til sjølve klatrestien.

– Dette burde vere mogleg å løyse med enkle middel, meiner han.

Ber kommunen vurdere faren

– Ferdsel i norsk natur skjer i utgangspunktet på eige ansvar, seier Tore Larsen, rådgivar i miljøvernavdelinga hjå Statsforvalteren i Vestland.

Det var han som fekk varselet på sitt bord, og han har bedd Bremanger kommune og drivaren av Via Ferattaen om å undersøkje korleis dei kan unngå ulykker ved fjellsprekken.

Men den typen tryggingstiltak ser ein sjeldan i norsk natur, peiker han på.

– Gjerde og slike ting ser vi veldig lite av, heller ikkje ved område som har mykje meir aktivitet og ferdsle enn Hornelen. Som for eksempel Preikestolen, seier han.

Behovet for informasjon om farlege sprekker på toppen ser me heilt klart at er ønskeleg, legg han til.

I Den Norske Turistforening DNT meiner leiar for natur og friluftsliv, Anne-Mari Planke, at dei vil vere ei umogleg oppgåve å merke og åtvare for alt i fjellet og ute i naturen.

Det kan og føre til at nokon trur at dei ikkje treng å vurdere risikoen sjølv. I tillegg har vi det aspektet at vi ønsker ein natur som er mest mogleg urørt og difor vil vi unngå for mykje gjerde- og åtvaringsskilt, seier Planke.

Via Ferrata, Hornelen i Bremanger

Kommunen har gitt selskapet løyve til å stenge Via Ferrataen for allmenn ferdsle. Eit vedtak Statsforvaltaren har klaga på og ber om å bli omgjort.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Har blitt nekta å setje opp fysisk merking

– 100 prosent av våre gjestar vert leia av guide trygt over sprekken, fortel Rogier van Oorschot, som er grunnleggar, leiar og guide på Via Ferrata Hornelen.

Han fortel at kommunen har hengt opp skilt ved inngangen til Via Ferattaen som varslar om faren.

Han legg til at selskapet tidlegare har blitt nekta av statsforvaltaren å setje opp fysisk merking av sprekken.

– Saka er under vurdering og vi har ikkje konkludert kva som er beste måten å gjere det på, seier Randi Ytrehus, assisterande kommunedirektør i Bremanger kommune.

Les også Staten seier likevel ja til klatresti på ikonisk norsk fjell

klatreanlegget i Hornelen