Hopp til innhold

Kvinne omkom i fallulukke på Hornelen

Kvinna som fall ned i ein sprekk på toppen av fjellet Hornelen i Bremanger, er død, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding like før midnatt.

Redningsaksjon på Hornelen

FALLULUKKE: Ei kvinne skal ha falt mellom 10 og 20 meter ned i ein fjellsprekk.

Foto: nrk-tipser

Kvinna er henta ut av fjellet, og hennar næraste familie er varsla, skriv operasjonsleiar Dag Olav Sætre.

Politiet kan ikkje på noverande tidspunkt gje fleire opplysningar.

Hornelen er Europas høgaste sjøklippe, den er 860 meter høg. Fjellet er eit svært populært turmål blant fjellvandrarar og klatrarar frå både inn- og utland.

Fall ned i sprekk

Kvinna var på fjelltur med ektemannen, då ho fall ned i ein fjellsprekk på Hornelen. Ho skal ha falle om lag 30 meter.

Klokka 14.45 melde politiet frå om at det hadde skjedd ein ulukke på fjellet. Luftambulanse, redningshelikopter og klatrarar vart sendt til fjelltoppen og ein større redningsaksjon vart sett i gong.

– Det skal ha vore kommunikasjon med personen. Det er alt vi veit om tilstanden hennar akkurat no, sa redningsleiar hos Hovudredningssentralen for Sør-Noreg, Cecilie Øversveen, til NRK då redningsaksjonen gjekk føre seg.

Redningsaksjon på Hornelen

REDNINGSAKSJON: Politi og redningsmannskap er på plass ved Hornelen.

Foto: NRK-tipsar

REDNINGSHELIKOPTER: Eit helikopter er sett inn i redningsaksjonen på Hornelen.

Hornelen