– Det blir ein tøff kamp. Vi må vere skikkeleg på for å få med oss poeng heim att. Dei er eit ungt, godt og fysisk lag som spring mykje, og dei er godt samstemte, seier Bakke, som har gjort heimeleksa si.
Det er 28 år sidan sist Grimstad-laget var på fotballens nest høgste nivå i Norge, og det er venta omm mot 1.200 tilskodarar på kampen i kveld klokka 18.00. Førre helg gav dei Sandnes Ulf ein real vekkjar etter at sandnesgaukane hadde hatt Jerv i kne i heile første omgang. Kampen enda til slutt 2–2.
– Dei var knalltøffe førre kamp, så Jerv kjem ikkje til å bli nokon kasteball, trur Bakke.
- Les også:
Har fått reisa ut av kroppen
Troppen til Sogndal drog nedover mot Grimstad allereie fredag, for å vere sikre på at reisa var godt ute av kroppen før kampen søndag.
– Vi er vane til å reise langt, så det brukar vi ikkje krefter på. Vi har fått førebudd oss godt og har hatt gode treningar. No er det berre opp til oss sjølve å prestere, seier Bakke.
Troppen som er med til Grimstad er: Mathias Dyngeland, Christian Sukke, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Victor Grodås, Eirik Skaasheim, Petter Strand, Babacar Sarr, Rune Bolseth, Lars Christian Kjemhus, Edin Øy, Jim Johansen, Robin Shroot, Mahatma Otoo, Ulrik Flo og Kristian Fardal Opseth.
- Les også:
Otoo tilbake etter skade
Lagoppstillinga vert først klar om lag ein time før kampstart.
– Otoo er tilbake etter å ha vore ute med skade. Taijo Teniste er framleis ute med ankelskade og er neppe tilbake før om ei veke eller to. Men elles er troppen bra, seier Bakke.
Førre helg leika Sogndal seg til siger over Bærum 3-1, og fekk dermed ein herleg seriestart på heimebane. Men Bakke åtvarar mot å ta lett på kampen i dag.
– Fotballsesongen er lang.Vi har jobba i tre månadar med måten vi skal spele på, og spelarane veit kva dei skal gjere. Men det tek nok litt tid før vi er heilt der vi ønskjer å vere. I dag vert det ein krig på gras, seier Bakke, som er budd på ein tøff kamp.
- Les også: