Hopp til innhold

"Celina"-kapteinen får 30 000 i bot

Kapteinen på "Celina" må betale eit førelegg på 30 000 kroner etter grunnstøytinga ved Gangsøya i Vågsøy for vel ei veke sidan.

Celina
Foto: Kystverket

Det var fredag for halvannan veke sidan at det 123 meter lange containerskipet gjekk på grunn sør for Måløy. Kapteinen og besetningen om bord har forklart at feilnavigering var årsaka til grunnstøytinga. Dette vert også stadfesta av skipet sin «svarte boks».

Lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy seier kapteinene har fått bota på grunn av feilnavigeringa.

– Kapteinen har no fått presentert eit førelegg på 30 000 kroner som han har vedteke, seier han.

Det var den russiske kapteinen som sjølv stod ved roret då «Celina» gjekk på grunn. Han har forklart at han tok feil av eit lysblink på veg gjennom sundet. Skipet heldt 13–14 knop då kapteinen oppdaga feilnavigeringa.

– Kjem han til å få andre reaksjonar, eller er dette alt han får?

– Dette er alt han får, seier lensmannen.

Før skipet vart trekt av grunn hadde 115 000 liter tungolje blitt pumpa ut av skipet. Det er att 65 000 liter diesel i tankar som ikkje var skadde. Heldigvis vart det ikkje noko oljeutslepp og skipet er no til reparasjon ved eit verft.