Hopp til innhold

Difor gjekk «Celina» på grunn

Politiet konkluderer med at feilnavigering er årsak til at det tyske containerskipet «Celina» gjekk på grunn ved Måløy.

Tyske containerskipet «Celina» grunnstøytte utanfor Måløy.

GRUNNSTØYTTE: Ingen personar vart skadde då containerskipet «Celina» gjekk på grunn sør for Måløy sist fredag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

På veg sørover frå Måløy grunnstøytte det 123 meter lange containerskipet ved Gangsøy .

Ombord var mannskapet på 14 personar, 265 kubikkmeter tungolje og kring 65 tonn diesel.

– Etterforskinga viser at kapteinen har feilnavigert, og at det er årsaka til uhellet, fortel lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Celina gjekk på grunn sør for Måløy.

PÅ GRUNN: «Celina» skulle gjennom farleiet, men hama i staden på grunn.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Kapteinen får bot

Politiet har avhøyrd kapteinen og dei øvrige offiserane ombord. Dei har også gått igjennom ferdsskrivaren . Hvattum ynskjer ikkje å gå inn på forklaringa til mennene, men seier dei ser saka som ferdig etterforska.

Mennene skal ha avgjeve like forklaringar på kva som skjedde fredag kveld. Kapteinen var sjølv på brua då skipet grunnstøytte.

– Saka kjem til å bli avgjort med førelegg mot kapteinen. Det blir torsdadg teke stilling til storleiken av denne bota, seier Hvattum.

Startar tøming torsdag

Prosjektleiar Hans Petter Mortensholm i Kystverket opplyser at faren for oljesøl ikkje er over. Måndag stadfesta undersøkingar at vatn har trengt inn i tre bunkerstankar. Då vart også maskinrommet til fartyet tetta.

Onsdag heldt arbeidet fram med å førebu havaristen for naudlossing av oljetankane og berging.

– Sju-åtte containerar må fjernast så ein kjem til bunkersoljen. Eit farty er på veg opp frå Bergen for å ta imot oljen, og vi håpar å kunne starte tømminga av dei bunkersane som ikkje er 100 prosent tette, seier Mortensholm.

Fjerna om ei veke

Mortensholm opplyser at dei ikkje vil få tømt bunkersane for all olje sidan den ikkje ligg plant, men at dei vil få vekk den aller største risikoen.

– Skipet står på fjell, så det er framleis område på skipet vi ikkje kjenner tilstanden til. Det er viktig å få fjerna den største risikoen og syte for god beredskap til skipet blir flytta. Erfaringsmessig vil det kun vere mindre mengder olje som kan leke ut, seier han.

Prosjektleiaren seier at dei reknar med tøminga kan ta fire-fem dagar, men at dei håpar å få fjerna havaristen innan ei veke. Meir detaljert framdriftsplan på bergingsarbeidet er venta torsdag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.