Hopp til innhold

«Blås i Vesten» hadde flaks i uflaks

FØRDE (NRK): Trombonen knakk – men det var berre ein brøkdel av problema som oppstod før gruppa frå Solund skulle ha sin aller første framføring under UKM.

Hedda Aarøy Mårstig og Oda Ryland

MYKJE GJEKK GALE: To trakk seg, trombonen knakk, stativet blei øydelagt ... Mykje gjekk gale, men heldigvis for «Blås i Vesten» gjekk det betre enn forventa på scena. Her er Hedda Aarøy Mårstig og Oda Ryland rett før dei skal opptre på UKM.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Eg skulle pakke opp trombonen på torsdag, og då hadde den knekt, fortel Hedda Aarøy Mårstig (14).

Delen gjorde at ho ikkje kunne halde trombonen utan at den datt av skulera.

– Eg gjekk rett til dirigenten og spurde kva eg skulle gjere. Eg fekk eg ein ny trombone, men den var gammal, så eg kunne ikkje bruke den fordi det var så uvant å spele. Heldigvis fekk vi sendt ein frå Byrknes som eg fekk på fredag. Det gjekk akkurat, fortel Mårstig.

14-åringen fekk spelt ein time saman med gruppa frå Solund, fredag rett etter skulen. «Blås i Vesten» skulle spele James Bond theme Melodi med Monthy Norman på UKM.

Ekstraøvinga resulterte i lite tid til pakking før dei måtte kome seg av garde til Førde.

– Det blei litt stress, for vi hadde ikkje pakka, så måtte vi pakke etter øvinga, fortel Mårstig.

'Blås i Vesten'

«BLÅS I VESTEN»: F.v.: Vetle Aarøy Mårstig, Ingeborg Ryland, Oda Ryland, Isabella Sundal Arnes, Hedda Aarøy Mårstig og Vilde Marie Kalmer.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRk

To trekte seg frå gruppa

Berre dagar før gruppa frå Solund skulle delta i UKM trekte to av dei sju medlemmene seg, fortel Isabella Sundal Arnes (13).

– Vi hadde ei gruppe med ein tuba og eitt horn til, men så fann han eine ut at han skulle vere med på ei Voss-helg og stå på ski i staden for. For fire dagar sidan kom neste mann og sa at ho òg skulle det.

I tillegg til at ensemblet no mangla to deltakarar, måtte Arnes lære seg nye notar.

– Eg måtte overta ei stemme for den som droppa ut. Det var vanskeleg for den var meir krevjande enn den andre, så det blei mykje øving for å få det til.

Ingeborg Ryland og Vetle Aarøy Mårstig

NESTEN LYDLAUST: Ingeborg Ryland og Vetle Aarøy Mårstig før dei skal opptre på UKM. Gruppemedlemmane i «Blås i Vesten» måtte øve nærmast lydlaust for å ikkje forstyrre deltakarane på scena.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Dei to erstattarane fann gruppa heldigvis raskt. Grunna to nye medlemmar har ensemble øvd mange timar denne veka.

– Vi har øvd kvar dag heile veka, så det har gått ganske greitt, fortel Hedda Aarøy Mårstig, som er ein av dei nye.

– Det er supert at dei nye har klart å lære seg songen så fort, seier Arnes.

Gjekk letta av scena

Ensemblet er ferdig på scena, og på veg opp trappa kjem det mange positive ord.

– Vi blåser alltid når det gjeld, seier det eine gruppemedlemmen.

– Det var skikkeleg gøy, og det gjekk betre enn forventa, fortel Isabella Sundal Arnes.

Vi blåser alltid når det gjeld

'Blås i Vesten'

Ensemble skildrar kjensla som ein stor ein klump som har forsvunne frå magen.

– Det er godt å få det ut av verda, seier Arnes.

– No er det veldig herleg å sleppe alt stresset, seier Mårstig.

– Kva skal de gjere no?

– Vi skal kose oss, nyte resten av helga, og ikkje vere nervøse lenger.

UKM Sogn og Fjordane 2016

SJÅ BANDET PÅ SCENA: \"Blås i Vesten"\ spelte James Bond Theme.