Hopp til innhold

Alexa (15) syng til presidenten

FØRDE (NRK): 15 år gamle Alexa Valentina frå Nordfjordeid er adoptert frå Guatemala. Ho har sett mykje forferdeleg, og syng i håp om ei endring.

Alexa Valentina (15)

KORRUPT: Nesten alle som styrer landet i Guatemala er korrupte, fortel Alexa Valentina (15), som er adoptert derfrå. Ho håpar at unge kjem seg opp og fram, og får moglegheita til å få ei stemme i sitt eige land.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– "Kva føler du når du ser alle dei heimlause på gata i ditt eige land?", syng den 15 år gamle jenta frå scena under UKM.

Bodskapen i songen "Dear Mr. President", som er skrive av P!nk, betyr mykje for Alexa Valentina.

– Nokre gongar kan leiarar ha så mykje makt over sitt eige folk, og gjere alt gale for dei.

Valentina blei adoptert frå Guatemala då ho var eitt og eit halvt år, noko ho er takknemleg for. Ho håpar på ei ny og rettferdig styring i landet.

Alexa har vore i Guatemela fleire gonger.

BESØK: 15-årige Alexa Valentina har fleire gonger besøkt landet ho vart adoptert frå. besøka gjer stort inntrykk på ho, spesielt fattigdomen.

Foto: Privat

– Der nede er nesten alle som styrer landet korrupte. Eg håpar verkeleg at unge som tar utdanning kjem seg opp og fram, og får moglegheita til å seie noko i sitt eige land.

Ukomfortabel

Valentina klarar ikkje å rive seg laus frå heimlandet sitt, og har reist ned til Guatemala fleire gongar.

– Å sjå kva slags liv eg hadde hatt, om eg ikkje hadde vore så heldig blitt adoptert hit, går inn på meg. Eg er ukomfortabel med å reise og sjå all den ekstreme fattigdommen, men samtidig trur eg at eg har veldig godt av det.

Å sjå kva slags liv eg hadde hatt, om eg ikkje hadde vore så heldig blitt adoptert hit, går inn på meg. Eg er ukomfortabel med å reise og sjå all den ekstreme fattigdfommen, men samtidig trur eg at eg har veldig godt av det.

Alexa Valentina (15)

Valentina har akkurat kome heim frå ein 20 dagar long tur.

– Eg har sett mykje fattigdom, blant anna skular som er laga av jordgolv og berre har nokre få plankar på veggane.

Valentina og familien har kvart sitt fadderbarn på ein skule i Guatemala. I mars fekk familien moglegheit til å treffe fadderbarna.

– Mora til fadderbarnet kom bort og sa "Hadde ikkje det vore for dykk, så hadde ikkje sonen min fått gått på denne skulen". For oss betyr den pengesummen ingenting, men for dei betyr det ei heilt år med skulegang.

– Folk lir grunna oss

Det er ikkje berre styringa i Guatemala som gjer noko feil. Folk lir også grunna vår dumskap, fortel Valentina.

– I Guatemala plar ikkje regntida å kome før i mai, men no hadde det begynt å regne midt i mars. Det er fordi vi rike kastar maten vår og det vi har overflødig. Dei der nede er ikkje førebudd regnmengda som kjem, så husa deira kollapsar oppå kvarandre, og folk døyr.

15-åringen har skrive eigne songar om korleis det følast å vere adoptert og sjå menneske i Guatemala lide, men ho er ikkje klar for å framføre dei.

– For meg er følelsen alt for sterk. Å synge om dette på ei stor scene framfor mykje publikum trur eg difor ikkje eg hadde takla, seier Valentina.

UKM Sogn og Fjordane 2016

PÅ SCENA: Høyr Alexa Valentina (15) synge Dear Mr. President av P!nk.