Hopp til innhold

– Voss, Vik og Aurland er høgst aktuelt

Voss, Vik og Aurland, peikar seg ut som eit realistisk alternativ for ein ny, stor fylkeskryssande kommune. Det er konklusjonen frå Telemarksforskning.

Vik, Voss, Aurland

– Etter å ha gått gjennom og kika på alternativa, vil vi seie Voss, Vik og Aurland er høgst aktuelt å gå vidare med, seier prosjektansvarleg Bent Aslak Brandtzæg.

Telemarksforsking har sett på Voss, Vik og Aurland som eit tilleggsalternativ, i tillegg til dei Sogn regionråd har greidd ut.

– Kan gi stor gevinst

Brandtzæg meiner dei tre kommunane ville kome godt ut på mange måtar. Blant anna vil dei hente økonomisk gevinst på tenester og samfunnsutvikling.

– Ein del av dette er knytt til den framtidige samferdslesituasjonen i regionen. Viss ein får Vikafjellstunnel og oppgradering av E16, så blir regionen tettare knytt saman. Du vil i større grad få ein felles bu- og arbeidsmarknad, seier han.

Kommunane har svært ulik storleik både geografisk, men også med tanke på folketal. Brandtzæg trur nok at nokre i Aurland og Vik vil frykte å bli små saman med Voss.

– Men samstundes vil ei samanslåing få gode økonomiske vilkår og ein kan få føresetnader for å realisere ein del tiltak som vil kome heile den nye kommunen til gode. Det føreset at ein går gjennom ein del prosessar og vert samde om kva som er utfordringane og kva ein kan oppnå, seier prosjektleiaren.

Vikafjellstunnel viktig brikke

Han vedgår at reiseavstanden er stor, men meiner at med ein Vikafjellstunnel vil gjere den akseptabel.

– Det vil kutte reisetida med kanskje 30 minutt. I tillegg må kommunen organiserast slik at dei held oppe og vidareutviklar tenester og tilbod der folk bur. Det er ikkje dermed sagt at alt skal sentraliserast til ein stad.

Olav Turvoll - ordførar i Vik

UNDER VURDERING: Ordførar Olav Turvoll (Sp) vil ha klårleik i blant anna det nye inntektssystemet til kommunane og Vikafjellstunnel før han tek eit endeleg standpunkt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ordføraren i Vik er i utgangspunktet positiv til å vurdere dette som eit alternativ.

– Det ser ut til at vi har mange ting til felles som gjer at det kan vere eit alternativ som går an å vurdere til liks med sognealternativet, seier Olav Turvoll (Sp).

Ser på fleire alternativ

Også han ser det slik at samferdslekommunikasjon vil ha stor verdi opp mot ei avgjerd.

– Kommunikasjonane gjer at vi har ikkje så store moglegheiter å pendle til den eine eller andre kanten. Men får ein gode kommunikasjonar mot Voss og Aurland så vil dette endre seg veldig.

Vik kommune vurderer også samanslåing i tråd med intensjonsavtalen med Sogn regionråd, som ser på moglegheita for ein storkommune i Sogn. No skal begge alternativa vurderast parallelt, seier Turvoll. Det skal i første omgang skje på kommunestyremøte denne veka.