Hopp til innhold

– Teleberedskapen er betre i utviklingsland enn i Norge

Post- og teletilsynet vil no setje langt strengare krav til kriseberedskap for teleselskapa. Situasjonen er uhaldbar, meiner tilsynet.

Telesambandet nede på tredje døgnet etter Dagmar

TELESAMBANDET NEDE: Tusenvis var utan telefon i dagane etter uveret.

Foto: Montasje / NRK

Post- og teledirektør Torstein Olsen seier at basestasjonar for mobiltelefoni er betre sikra i utviklingsland enn i Norge.

– Det kjem rett og slett av at vi har blitt for godt vane i Norge. Vi er vane med god leveringstryggleik på straum, seier han.

Torstein Olsen

BER OM RAPPORTAR: Post- og teledirektør Torstein Olsen skal vurdere kva tiltak som skal hindre ein slik situasjon i framtida.

Foto: Post- og teletilsynet

Det var på eit møte med statsminister Jens Stoltenberg i går at Olsen sa at det er utruleg at basestasjonar i mange andre land er betre enn her.

Forstår kritikken delvis

I dag var mange politikarar, politi og andre beredskapsfolk frå Sogn og Fjordane samla til evalueringsmøte etter orkanen Dagmar. Mellom deltakarane var også dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen. Han forstår kritikken frå post- og teletilsynet

– Eg trur han delvis har rett her. I til dømes Bangladesh går straumen opp og ned som ein jo-jo. Der er det daglegdags, og Telenor har 6500 dieselaggregat nettopp fordi straumen er ustabil. Men straumen har ikkje vore ustabil i Norge, seier han.

Set igang tiltak

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge

DELVIS EINIG: Bjørn Amundsen i Telenor seier at basestasjonar i u-land er betre sikra mot straumbrot.

Foto: Telenor

Tusenvis av menneske i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal mista både fasttelefon, mobil og internett etter orkanen Dagmar 1. juledag. For mange gjekk det dagevis før dei igjen fekk kontakt med omverda.

– Etter uveret har vi bede om å få detaljert rapportar om hendingane som skjedde. Vi vil gå inn på kva for tiltak som kan setjast i gang, både på kort og lang sikt, seier Torstein Olsen i Post- og teletilsynet.

– Dette er tiltak som vil medføre ein del kostnader. Kven skal betale?

– Det må nok eg og du gjere, seier han.