Hopp til innhold

Post- og teletilsynet vil setje strengare krav til teleoperatørane

Direktør i Post- og teletilsynet; Torstein Olsen, påpeikar at dei kjem til å stille langt strengare krav til teleoperatørane.

– Når eg høyrer at ein kan leve utan straum og veg i eit døgn, men ikkje telefon, så er det ein vekkjar for oss. Det er ein ny type sårbarheit i samfunnet som vi må sjå på, seier Torstein Olsen, direktør Post- og teletilsynet.

Han poengterte at nødnettet berre er kommunikasjonskanal mellom nødetatane.

– Vanlege folk får ikkje tilgang til nødetatane gjennom dette. Elles vil eg seie at i slike situasjonar er Post- og teletilsynet plassen å vende seg. Vi har kontaktpunkt, seier Olsen.

– Våre førebuingar til Dagmar gjorde vi i juni i fjor. Då ramla Telenors mobilnett ut i lang tid grunna ein programmeringsfeil, og etter den hendinga har vi fått i oppgåve frå departementet å analysere alle sårbarheiter i mobilnettet, seier Olsen.

Han legg til at Dagmar var ein vekkjar.

– Eg var overraska over at utfalla vart så store. Krava til operatørane har vore for dårlege, det har vore for dårlege krav til reserveløysingar. Vi vil føreslå å krevje betre reserveløysingar. Det er utruleg å oppleve at basestasjonar i U-land er betre sikra enn basestasjonar i Norge, seier Olsen.

Han fortel at det vil bli utarbeidd ei rekkje forslag som vil bli levert departementet i slutten av neste veke. Tilsynet vil også bruke meir ressursar på tilsyn, nye typar øvingar, samt at dei ønskjer å gjere endringar i regelverket for operatørane, seier Olsen.

Alle fekk taletid

Kvar kommune og fylkeskommune fekk tre minuttar til å leggje fram si sak då statsminister Jens Stoltenberg vitja Statens Hus torsdag ettermiddag. Ikkje overraskande stilte svært mange spørsmål ved at telekommunikasjonsnettet er så sårbart som det har synt seg å vere.

– No må vi skaffe oss oversikt over skadane og korleis vi skal reparere dei. Her må storsamfunnet hjelpe til, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes, då ho innleia seansen i Statens Hus der statsminister Jens Stoltenberg er til stades for å drøfte beredskapen i fylket.

Ho presiserte at ein må sjå nøye på korleis ein skal organisere seg for å vere betre rusta for ekstremvêr.

Til stades på møtet er ni stormråka kommunar frå Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. I tillegg er dei tre fylkesmennene til stades, fylkesordførarane, DSB, NVE, Post- og teletilsynet og Helsedirektoratet.

LES OGSÅ: Får statsministeren på kaffibesøk
LES OGSÅ: Ber Jens møte folket i staden

Hamre innleia runden

Førstemann på talarstolen var fylkesmann Anne Karin Hamre. Ho oppsummerte kort konsekvensane av stormen Dagmar, og nemnde både straumbrot, telekommunikasjonsbrot, og dei andre følgjene uvêret fekk i fylket.

– Vi måtte sende folk ut fysisk til kommunane i Nordfjord fordi vi ikkje fekk kontakt med dei med satellittelefonar, fortalde fylkesmann Anne Karin Hamre.

Etterlyste kommunikasjon

Fleire av ordførarane peika på det katastrofale ved at ein ikkje hadde moglegheit til å kommunisere med andre.

– Det må kunne finnast løysingar som gjer at ein straumsituasjon ikkje gjer at vi mister alt av kommunikasjon, sa ordførar Morten Hagen frå Vågsøy.

Han fortalde også at ein i Vågsøy opplevde store problem med å komme seg til sjukehus.

– Akuttberedskap på lokalsjukehus er viktig å få med i framtidas lokalsjukehus. Det er vi avhengige av i slike situasjonar, sa Hagen.

Røde Kors var viktig for Stryn

– Stryn mista alt for å kommunisere med omverda. Deler av kommunen var ute i tre og fem dagar. Vi har framleis eit dalføre utan skikkeleg straum. Det at vi vart isolert førte til at vi måtte sjå på kva interne ressursar vi hadde å spele på, fortalde Stryneordøførar Sven Flo.

– Det vi fann ut var at vi måtte samle alle ressursane. Vi samla kriseleiinga i kommunen, og får Stryn sin del syner det seg at Røde Kors har vore viktigaste faktoren for at vi kom oss gjennom desse døgna, sidan vi ikkje hadde moglegheit for å få hjelp utanfor, sa Flo,

Han fortalde at Røde Kors gjekk frå dør til dør med eit skriv som var handskrive av ordføraren.

Flo poengterte også at telekommunikasjonen må det gjerast noko med, og at ein må sjå på korleis kommunen skal klare å få ut informasjon i media slik at denne når innbyggjarane når desse manglar straum og telekommunikasjon.

Fekk P3 i staden for P1

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal var frustrert over mangelen på radiosamband, og at einaste kanalen han til slutt fann for å få informasjon, var NRK P3.

– Denne gongen fekk vi P3, ein kanal som sender musikk og fjortisnyhende. Då hjelpte det lite at dei viste til P1 for oppdatert beredskapsinformasjon. Slik eg forstår skal den som har ansvar for banddekninga, slå over slik at ein får P1 i slike krisesituasjonar. Det vart aldri gjort, sa fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal.

Han var også frustrert over straumnettet.

– Vi må vere så ærlege at vi spør om e-verka brukar dei dagane i året ein kan gjere det, moglegheita til å rydde skog i straumgatene. Eg er usikker på svaret, sa Aasen, og presiserte at han ønskte å trekkje fram Heimevernet sin innsats spesielt.

– Hadde ikkje Heimevernet gått inn for å ta vekk skog, men også kartleggje kor straumen var broten, trur eg ikkje vi hadde fått att straumen så raskt, sa Aasen.

Alle departement til stades

Statsministeren takka for god og interessant informasjon, og presiserte at det ikkje berre er stortingsmeldingar som er saliggjerande.

– Alle råka departement er her, og vi noterer ned det som blir sagt. Men det viktige her er tiltak. Det må ikkje liggje ei stortingsmelding til grunn, presiserte Stoltenberg.

– Skogrydding er ei utfordring. Før fekk skogeigarar erstatning frå Naturskaderådet. Slik er det ikkje lenger. No er dei avhengige av forsikring, og det er det ikkje alle som har. I tillegg er skogrydding farleg, dette bør ikkje kvarmann gjere, og difor bør staten på bana, sa Leikanger-ordførar Olav Lunden.

Røde Kors ber om momsfråfall

– All kommunikasjon i Stryn gjekk på vårt samband. Vi er i beredskap døgnet rundt. Men vi treng nytt utstyr. Ein har i mange år snakka om at momsen skal falle ifrå når ein kjøper utstyr. Her ber eg om at det kjem fortgang i dette, både når det gjeld aggregat, radioar og kommunikasjonssystem som vi treng, presiserte Røde Kors-ansvarleg i Stryn.

Han fortalde at ein utover i den straumlause veka, samla i hop aggregat og køyrde dei rundt om, for å berge frysarane til folk.

– Røde Kors er den organisasjonen som sit på kompetanse, materiell og innsats som ein kommune treng i ein slik situasjon. Men når krisa varer så lenge som hjå oss, så treng ein kommune fleire å lene seg på, sa Stryneordførar Sven Flo.

Han peika på at problemet er at ein kjempar om dei same ressursane, og han er oppteken av at nokon no ser på korleis ein lagar materiell, ser på personalressursar i dei etatar kommunane naturleg treng å støtte seg på, samt kommandostrukturen etter ei katastrofe.

Krevjande å ikkje ha kontakt

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, nytta høvet til å rose mannskapet som hadde stått på for å få vegnettet i orden att etter orkanen. Også han etterlyste eit kommunikasjonssystem som fungerer.

– Men det er krevjande å ha over 200 mann ute som du ikkje får kontakt med. Det handlar faktisk om tryggleik for våre folk også, sa Slinde.

Han påpeikte at informasjon til befolkninga er heilt essensielt i ein slik situasjon.

– NRK gjorde ein kjempejobb 1. og 2. juledag. Vi hadde direkte kontakt med dei og fekk ut informasjon både på radio og nett. Men når straumen forsvann, og folk ikkje har radio som går på batteri, så blir det likevel eit problem, sa Slinde.

Han håper at DAB-teknologien vil bli meir robust med tanke på straumbrot.

Fleire av dei deltakande på nettet etterlyste informasjon frå Telenor. Det vart påpeikt at fleire ikkje kom gjennom på telefon til selskapet, at det ikkje vart bemanna opp sjølv om ein visste kva som hende på Vestlandet.

– Eg støttar Lars Sponheim i at krisa vart handtert godt lokalt. Men samtidig er det fleire ting som manglar i den lokale nødberedskapen, sa Anne Karin Hamre.

– Vi meiner at alle kommunar bør ha ein satellittelefon. Viss ein kunne gå inn med noko middel for å auke beredskapen i kommunane, så ville det bety mykje. Så er det mange som snakkar om kommunikasjonssvikten, sa Hamre, som stilte spørsmål til Post- og teletilsynet om kva krav det er til beredskap.