Hopp til innhold

– Stiller ikkje opp for Nordfjord

– Helse Førde gjer ingenting for å unngå at fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus må stengje når gynekologane er sjuke.

Fødeavdeling

SÅRBAR: Fire gonger i år har fødeavdelinga i Eid vore stengd grunna sjukdom.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det meiner plasstillitsvald Sissel Ommedal ved Nordfjord sjukehus.

Fødeavdelinga ved lokalsjukehuset har vore stengt fire gonger så langt i år på grunn av manglande bemanning. Årsaka er sjukdom blant spesialistane.

– Dei vil ikkje hjelpe Nordfjord

Ommedal er skuffa over leiinga i helseføretaket.

– Eg trur faktisk at viss det hadde vore vilje og ønskje om å hjelpe Nordfjord sjukehus, så hadde dei kunne stilt opp med ein gynekolog.

Den tillitsvalde på Nordfjordeid meiner årsaka er at leiinga i Helse Førde ikkje vil hjelpe.

– Det følest på ein måte som om Helse Førde alt no, før det er endeleg bestemt at vi skal leggjast ned, jobbar med prosessane for å leggje oss ned, seier Ommedal.

Influensasjuk lege fortvilar

I dag er det berre to gynekologar ved sjukehuset, og dei byter på ha vakt 24 timar i døgnet.

Overlege Arne Järnbert har hatt influensa i fleire dagar. Han er frustrert og lei seg, og meiner Helse Førde ikkje tek fødeavdelinga i Nordfjord på alvor.

– Så lenge som fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus er oppegåande, så har Helse Førde eit ansvar for å sjå til at dette fungerer. Men det ansvaret har ikkje Helse Førde tatt, hevdar Järnbert.

– Sender folk frå Førde om mogleg

Tore Dvergsdal

AVVISER KRITIKKEN: - Vi gjer så godt vi kan, seier Tore Dvergsdal i Helse Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Helse Førde avviser påstandane.

– Vi i Helse Førde jobbar heile tida med å dekkje opp dei vaktene som blir vaktante. I dette tilfellet er det snakk om sjukdom som skjer på kort varsel. Vi har ikkje høve til å planleggje for sjukdom.

Klinikkdirektøren vedgår at dagens system er sårbart.

– Vi prøver å hente inn folk etter kvart når folk blir sjuke. Men i dette tilfellet her, har vi ikkje klart det. Då sender vi, viss det er mogleg, folk oppover frå Førde, Det gjorde vi denne veka i samband med poliklinikk, seier Dvergsdal.