Hopp til innhold

Føden i Eid stengt for fjerde gong

Natt til tysdag i førre veke måtte fødeavdelingen på Nordfjordeid stengje for fjerde gong i år. Årsaka: Ein gynekolog vart sjuk.

Nordfjord Sjukehus
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Sjukdom hos nøkkelpersonell er ein situasjon som gjerne oppstår på kort varsel. Vi prøver å dekkje opp for den som er sjuk med personell frå Førde, men det er ikkje alltid vi greier det, seier klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Helse Førde til Firda.

– Sårbar

Ifølgje avisa vart den nedleggingsvedtekne fødeavdelinga stengt frå tysdag til og med fredag som følgje av at vakthavande gynekolog var sjuk. Dette er fjerde gongen i år avdelinga har måtte stengje på grunn av spesialistmangel.

– Avdelinga er veldig sårbar i forhold til sjukdom, vedgår assisterande avdelingssjef for Kvinneklinikken, Kjellaug Fredly overfor Firda.

– Uheldig

Fungerande ordførar i Eid, Kjell Magne Åshamar (Sp) karakteriserer stenginga som uheldig.

– Problemet er knytt til at vi har vi har svært få gynekologar. Dette er ikkje positivt for dei fødande, seier Åshamar til avisa.