Hopp til innhold

– Første omgang var veldig bra, andre omgang var nesten ein katastrofe

(SOGNDAL 1 – 1 HØNEFOSS) Slik har det vore fleire gonger i år: Sogndal spelar godt i byrjinga av kampane, men so skjer det noko og dei dett ned fleire hakk. – Dei har ein jobb å gjera, seier sogndalekspert Jon Navarsete.

MONTASJE: Sogndal, Jon Navarsete og Hønefoss

UJAMN KAMP: Jon Navarsete likte godt det han fekk sjå av Sogndal i første omgang mot Hønefoss. I andre omgang derimot var han ikkje like nøgd. Her er bilete frå då Rune Bolseth vert gratulert av lagkameratane sine, før Hønefoss sin Riku Riski utlikna nokre minutt før pause.

Foto: MONTASJE Arne Stubhaug/NRK Alf Vidar Snæland/Scanpix / Arve Uglum / NRK

Det vart nok ein uavgjortkamp mellom Sogndal og Hønefoss laurdag kveld på Fosshaugane Campus – slik som dei fire føregåande oppgjera mellom desse to laga i eliteserien. Dei tre siste oppgjera har enda 0–0.

Sogndal opna best og gjekk fortent opp i leiinga etter 27 minutt ved Rune Bolseth. Han kom åleine gjennom mot hønefosskeeper Steve Clark, runda han og sette ballen sikkert i mål mot gamle lagkameratar.

– Det er alltid moro å skåra mål, men det var sjølvsagt spesielt å skåra mot gamlegjengen, seier Bolseth, som ikkje feira målet sitt.

Bolseth spelte for Hønefoss frå 2010 til 2012.

Men etter skåringa skjedde det noko med Sogndal som også har skjedd før: dei gir frå seg litt av initiativet i kampen til motstandaren.

– Første er bra, andre er katastrofe

– I første halvdel av første omgang køyrer Sogndal over Hønefoss, men andre omgang er nesten ein katastrofe. Ingenting heng saman, og ein del heimekampar har vore prega av det same, seier sogndalekspert Jon Navarsete.

Etter 43 minutt utnytta Riku Riski ein dårleg klarering frå Hannu Patronen og banka ballen i mål frå 16 meter.

Jon Navarsete

– HAR EIN JOBB Å GJERA: Sogndalekspert Jon Navarsete meiner Sogndal har ein jobb å gjera for å bli meir stabile.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sogndal hadde mange sjansar utover i kampen som dei burde ha skåra på, men Navarsete meiner Sogndal bør vera nøgde med uavgjort og eitt poeng i dag.

– Det er skuffande, fordi dei overlet det å dominera kampen til bortelaget, og det har dei gjort nokre kampar. Dei har ein jobb å gjera for å finna ut av det, seier Navarsete.

– Kan det vera at dei blir redde for å mista leiinga etter at dei skårar?

– Det kan virka slik, det har me sett før. Mot Sarpsborg, og også i fleire andre kampar, so er det nesten slik at når dei tek leiinga, so trekk dei seg tilbake og gir frå seg initiativet som dei har hatt i første del av kampen.

Sogndal har overraska stort denne sesongen, og ligg i skrivande stund på ein veldig respektabel sjuandeplass på tabellen, med 20 poeng. Navarsete seier dei har vist at dei er meir enn gode nok, men at dei har ein jobb å gjera med å finna ut kva som gjer at det blir so ustabilt til tider.

Mangersnes er ikkje samd

Assistenttrenar Tom Mangersnes kjenner seg ikkje att i at dei legg seg bakpå med ein gong dei går opp i leiinga.

Tom Mangersnes

NØGD MED SPELET: Assistenttrenar Tom Mangersnes.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

– Eg tykkjer me er veldig gode i 30–35 minutt, og me har fleire gode sjansar til å gå opp til både to og tre null. Eg føler ikkje at me legg oss bakpå i dag.

– Men de mistar litt av initiativet i kampen, og det har de gjort fleire kampar?

– Vel, det er ikkje noko bevisst strategi me ønskjer; at me skal bli feige. Me ønskjer å angripa vidare og me er veldig klare på korleis me vil angripa vidare, men det er kanskje der me ikkje lukkast heilt i dag. Me tek kanskje litt større risiko og tek litt større sjansar enn me burde, og då hender det at ein mistar ballen, og me jobbar litt for mykje éin og éin utpå der.

– Mane kan erstattast

Malick Mane var kampens store spelar mot Hønefoss laurdag, sjølv om det ikkje vart mål for lynvingen. Denne sesongen har han spelt seg inn i hjarta til sogningane med fleire utsøkte frisparkmål og giftige raid ned langs kantane.

No er han eit brennheitt salsobjekt, og sjølv seier han at han vil vekk frå Sogndal dersom han får eit tilbod. Men Navarsete trur ikkje Sogndal vil lida stort om han reiser.

– Eg trur kanskje at Malick Mane blir litt for soloprega, at det er han som skal utretta mirakel og slikt. Han gjer jo nesten det, men det blir ofte med nesten. Og kanskje blir han for dominerande? At det er litt vanskeleg å spela med han for dei andre.

– Vanlegvis betyr det ikkje noko om det reiser ein spelar frå Sogndal, då er det andre som står fram, noko me har sett gang etter gang etter gang.

Trenaren vart vist på tribunen

Kampen sin mest kontroversielle situasjon skjedde etter 86 minutt. Hønefoss spelte ballen ut til innkast fordi ein spelar låg nede med skade. Slik såg ikkje Sogndal det, kasta kjapt og det førte til at Ricardo Santos kom til ein kjempesjanse.

Smedrud

TRIBUNEPLASS: Hønefosstrenar Leif Gunnar Smerud måtte sjå dei siste fem minuttane av kampen frå tribunen.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Hønefosstrenar Leif Gunnar Smerud sprang bort til sogndalsbenken og trenar Jonas Olsson for å la Olsson høyra kva han meinte om dette.

– Riku Riski er skada, Kevin Larsen spelar ballen ut med vilje etter ordre frå oss. Då angrip Sogndal i staden for å ha ein ordning som er ganske vanleg, at når det eine laget spelar ut ballen, so får ein den att.

– I staden prøver dei å skåra, det reagerer eg ganske kraftig på, seier Smerud til NRK.no.

Dette resulterte i at domaren sendte han opp på tribunen.

Sogndalstrenar beklagar situasjonen

– Eg ser ikkje situasjonen, men eg høyrer i etterkant at Hønefoss spelar ballen ut. Dersom det stemmer, so er ikkje det bra og det er ikkje slik me ønskjer å skåra mål. Men det er kanskje ikkje tydeleg nok i den situasjonen? Samstundes har eg all verdas respekt for at Hønefoss reagerer slik dersom det var eit bevisst val frå deira side å spele ballen ut. Då får me leggja oss flate, seier Tom Mangersnes, assistenttrenar for Sogndal.