Hopp til innhold

1-1 mellom Sogndal og Hønefoss - Bolseth skåra mot gamlelaget

Det vart 1-1 mellom Sogndal og Hønefoss. Slik var kampen minutt for minutt her.

Rune Bolseth skårar mot Hønefoss

FORBI KEEPER: Her chippar Rune Bolseth ballen forbi hønefosskeeper Steve Clark, før han skaut ballen sikkert i mål.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

4581 tilskodarar på Fosshaugane Campus fekk sjå ein kamp som bølgja att og fram, fleire sjansar som burde blitt omsett i mål og ein trenar som vart vist på tribuna.

Bolseth skåra

Sogndal opna kampen best og hadde fleire sjansar dei første 20 minuttane.

Etter 27 minutt var det tid for Rune Bolseth-show. 32-åringen (blir 33 den 4. juli) kom «heim» til Sogndal frå nettopp Hønefoss før årets sesong. Sogndal låg lågt, og ein pasning vart spelt opp langs bakken til Ulrik Flo. Med ein mann i ryggen chippa han den vidare til Rune Bolseth som kom so fort beina makta å bera han frå eigen banehalvdel. Han hadde ein hønefosspelar i ryggen, men fekk med seg ballen og lurte den forbi Steve Clark i hønefossburet, før han sette den sikkert i mål.

Etter 29 minutt fekk Sogndal ein kvadruppelsjanse. Først var det Ruben Holsæter som frekt dribla seg inn i sekstenmeteren og skaut. Hønefosskeeper Steve Clark måtte gi retur, på den var Ulrik og og fleire hønefosspelarar, men Flo fekk ikkje krangla ballen i mål. So fekk Malick Mane ballen 10 meter frå mål, han trefte eit hønefossbein slik at ballen gjekk i ein boge ut til Azar Karadas på sekstenmeterstreken. Han freista ein volley, men ballen sklei av rista hans og gjekk, heilt ufarleg, ut til ein hønefosspelar som stod fem meter til side for mål.

Sogndal med corner mot Hønefoss

MANGE DØDBALLAR: Sogndal har hatt mange dødballar, her ein corner, men skåringa kom etter eit sugande løp av Rune Bolseth frå eigen banehalvdel.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Etter målet kom Hønefoss meir og meir med i kampen, og eit par minutt før pause kom utlikninga.

Etter 43 minutt kjem det ein farleg stikkar gjennom frå Hønefoss. Hannu Patronen kastar seg ned og får stoppa pasningen, men med det serverer han også ballen perfekt til Hønefoss sin Riku Riski. Han gjer ingen feil og bankar ballen i mål langs bakken bak Dahlin i sogndalburet.

Trenaren vart vist opp på tribuna

Etter pause var det tydeleg at Hønefoss var svoltne på tre poeng, medan Sogndal virka meir usikre. Det første kvarteret hadde begge laga store sjansar til å ta leiinga, men ingen av dei makt å få ballen i mål.

I andre halvdel av kampen bølgja det fram og tilbake, men det var ein del slurv i pasningsspelet til både Sogndal og Hønefoss.

Fem minutt før slutt var det tid for kontroversar i Sogndal. Ballen går ut til innkast medan ein hønefosspelar ligg nede. Bortelaget meiner Sogndal skal bruke fair play og kaste ballen til dei, det meiner ikkje Sogndal. Heimelaget kastar kjapt og Ricardo Santos kjem til ein kjempesjanse. So går ballen ut av spel, og då spring hønefosstrenar Leif Gunnar Smerud bort til sogndalbenken og trenar Jonas Olsson for å seie kva han meiner om dette. Domar Per Ivar Staberg gir Smerud marsjordre, som måtte sjå dei siste minuttane frå tribuna.

Frå tilskodarplass er nok 1-1 eit rettferdig resultat, men begge lag vil nok gå skuffa i garderoben etter dette oppgjeret.