Sjølv om norske skisenter har selt 15 prosent fleire heiskort denne sesongen enn i fjor, gjer ein mild og vindfull vinter til at det ikkje berre er jubel i bransjen.
Ved Harpefossen skisenter i Stad kommune er ikkje 20–30 centimeter laus og våt snø i nedste trekk, nok til å sleppe alpinentusiastane lause i bakken.
– Vi kan ikkje halde ope med den snøen, og dei vêrmeldingane som er framover. Vi treng kulde og snø, konstaterer dagleg leiar Nils Magne Nedreberg.
Folk vil stå på ski
På Harpefossen gjekk trekket eitt par helgar før jul, og nokre dagar i romjula. Og søndag, då i øvre del av senteret.
Blir nedbøren kvit og gradene blå, har Harpefossen snøproduksjon så dei kan klare seg.
Operativ leiar Tore Kroken Karlsen sjekkar vêrmeldingane jamt og trutt. Så fort kulden kjem startar dei snøkanonane.
For eit skisenter som gjekk ein million kroner i underskot i fjor, er den til no milde vinteren fortvilande. Også med tanke på dei som allereie har kjøpt sesongkort.
– Berre det er nokre snøfnugg i lufta, så er folk på telefonane. Dei er klare, seier operativ leiar Tore Kroken Karlsen.
Kunstsnø er viktig
Nye vêrvarslingsmetodar tyder på at vi kan sjå langt etter kaldt vintervêr. I slike tider er eigenprodusert snø avgjerande for at bakkane likevel har gode forhold. Så også i år.
For å sikre forholda investerte norske skisenter i fjor 90,7 millionar kroner i snøproduksjon førre sesong.
Denne sesongen er det planlagt investeringar for 150 millionar.
– Snøen kjem ikkje lenger frå himmelen, så snøproduksjonen har soleklart vore viktig. Skisentera klarer seg ikkje utan snø, seier Camilla Sylling Clausen i foreininga.
Fleire vil investere
I haust kom fleire skisenter tidleg i gang med snøproduksjon og fekk seg ein god sole. Det gav rekordtidleg sesongstart for enkelte.
- Sjå: Slik er stoda for skisentera (ekstern lenkje)
– Når vi får ein så god sesongstart, så viser dette at investeringane som er gjort siste åra byrjar å gi gode resultat, seier Clausen og meiner å sjå ein aukande, og spennande, investeringsvilje hos mange større og mellomstore alpinanlegg.
Eitt av skisentera der det blir satsa friskt er Hodlekve i Sogndalsdalen. Sidan dei lanserte ambisiøse planar i 2012, er det investert nær 800 millionar kroner i hytter og anlegg.
Klarer å halde ope
Skisenteret har denne sesongen auka førehandssalet med åtte prosent, og heisane i øvre del av anlegget har gått sidan dei opna 14. desember.
Dagleg leiar Per Odd Grevsnes håpar å opne resten i helga.
– Vi har hatt litt for mange dagar med fukt og plussgrader i forhold til kva vi er vane med i ein tidleg del av sesongen. Men det har gått over all forventning, folk er nøgde og det er ikkje så mange andre alternativ, seier han.