– Sats på sjukehuset i Førde

Arbeidarpartiet i fylket har vore feige: – Vi må tore å seie at det må satsast mest på sentralsjukehuset i Førde, seier lokallagsleiar Finn B. Førsund.

Førde sentralsjukehus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi må seie rett ut at vi må satse klart sterkast på sentralsjukehuset i Førde, sjukehuset med den klart beste kompetansen og sjukehuset dei fleste i fylket vil trenge hjelp ifrå, seier Førsund, som er leiar i Hyllestad Arbeiderparti.

– Sats på Førde

Arbeidarpartiet i fylket har i lengre tid skubba dei vanskelege helsepolitiske sakene føre seg.

– Vi bør satse på det sjukehuset som har viktigast funksjonar for så å sei alle menneske her i fylket, seier Førsund.

Det er fylkesårsmøte i mars, der mellom andre helseminister Anne-Grethe Strøm-Eriksen kjem, og tida er overmogen for å ta standpunkt.

– Kan ikkje bygge opp

– Ein kan ikkje bygge opp lokalsjukehusa dersom ein skal spare 150 millionar, seier han.

– Men trur du ikkje partifeller i Nordfjord og Sogn vil reagere på dette?

– Politikk dreier seg om å prioritere, svarar Førsund.

Fylkesleiar Nils P. Støyva avviser at Arbeidarpartiet har vore feige i sjukehussaka.

– Vi har ikkje vore feige. Å gå så langt å seie at alt anna enn sjukehuset i Førde skal leggast ned kan eg ikkje vere med på, seier Støyva.